Godkjenning:
Verksemder som driv med tatovering og holtaking kan berre utføre dette i godkjent lokale. Dette omfattar tatovering, microblading, permanent makeup, frisørar som tek hol i øyrene og piercing. Ved eigarskifte, vesentleg endring, ombygging etc. i allereie eksisterande verksemd, må det søkast om ny godkjenning. Har du allereie starta opp utan å melde frå eller søke godkjenning, så må behandling opphøyre. Du fyller så ut søknadsskjema og sender oss og vi avtalar tid for eit godkjenningstilsyn.
Meldeplikt:
Alle andre verksemder som driv med hudpleie, neglepleie, fotpleie, solarium, manikyr, pedikyr, massasje, barbering, hårpleie og frisørverksemd skal stette dei same hygienekrava. Desse verksemdene treng ikkje godkjenning før oppstart, men har jamvel meldeplikt til kommunen før oppstart og ved vesentlege endringar, ombygging, eigarskifte etc.
Meir informasjon finn de i dette skrivet: Informasjonsskriv til frisørar, hudpleiarar, tatovørar og holtakingsverksemder.docx
Meldeskjema og søknad om godkjenning:
Kommunane Sogndal, Luster, Lærdal, Årdal, Aurland og Vik samarbeider om oppgåvene som ligg til miljøretta helsevern. Det er utarbeidd felles melde-og søknadsskjema for alle verksemder i medlemskommunane.
Melde- og søknadsskjema til kommunen (elektronisk)
Ved spørsmål ta kontakt på mhv@sogndal.kommune.no eller tlf 48 14 03 49 / 90 94 35 28.