For meir inngåande infomasjon, sjå «Forskrift om vass og avløpsgebyr, Sogndal kommune, Vestland på lovdata.no: Forskrift om vass og avløpsgebyr, Sogndal kommune, Vestland - Lovdata 

Gebyret består i hovudsak av to hovuddeler 

  • Tilknytingsgebyr (ein gang) 

  • Årsgebyr, herunder 

  • Fastledd 

  • Forbruksledd 

Andre gebyr førekjem ved spesielle situasjonar.  


Tilknytingsgebyr (§4) 

Tilknytingsgebyret skal betalast: 

  • Når nye bygg blir byggemelde til kommunen 
  • Når eigedom med hus på blir tilknytt offentleg vatn- og/eller avløpsnett 

Tilknytingsgebyret er ein fast sum som vert regulert kvart år og vedteke av kommunestyret i desember.   

Tilknytingsgebyret er regulert etter leidningsdimensjon, sjå tabell 1 i forskrift.  

Årsgebyr   

Består av to deler, fastledd og forbruksledd 

Fastleddet, eller abonnementsgebyret, er differensiert etter brukarkategori, i hovudsak bueining eller næringseining.  

Forbruksleddet blir fastsett anten etter målt forbruk (m3) eller stipulert etter bruksareal (m2). For å måle forbruk må den aktuelle eininga ha vassmålar. Dette er kravd for næringseiningar, valfritt for bueiningar. Kommunen krev eit administrasjonsgebyr for bruk av vassmålar som kjem i tillegg til årsgebyret.  

Avslutting av abonnement 

Ein bustad kan kople seg frå offentleg vatn og avløp dersom eigedomen ikkje lenger skal brukast. Det er ikkje anledning til å gå tilbake til private løysingar. 

Ved avslutning av abonnement er det krav til å plombere tilknytingspunktet på offentleg leidning. Det er abonnenten som syt for og bær kostnaden for dette. Kommunen skal motta dokumentasjon frå godkjent føretak for gjennomføring av arbeidet.  

Gebyr for kjøp av vatn utan abonnement 

Pris (kr) = Fast del (kr) + målt vassmengde (m3) x pris (kr/m3), der fast del skal dekke kommunen sine kostnadar ved ordninga. 

Prisen per m3 vatn er same som for forbruksgebyret og fylgjer prishefte vedteke i kommunestyret.  

Kontrollgebyr 

Kommunen kan gjennomføre kontroll av vassmålar samt krevje å få lese av vassmålaren. Det vert også krevje gebyr ved testing av vassmålaren jamfør «Forskrift om krav til vannmålere»  

Kontrollgebyret er eit fast beløp som fastsettast av kommunestyret i desember.  

Gebyr for mellombels tilknyting 

Tiltakshavar som midlertidig vert knytt til kommunen sitt vatn og avlaupsanlegg skal betale abonnementsgebyr og forbruksgebyr etter gjeldande reglar for næringsverksemd, sjå §8 i lokal forskrift.