Opplever du utfordrande lydforhold i klasserommet eller i barnehagen? Er du lærar og slit med stemma? Har de elevar eller born med anna morsmål, lese-skrivevanskar, hørselsutfordringar eller andre funksjonsnedsettingar?

Miljøretta helsevern (MHV) i Indre Sogn, har frå 2020 hatt ekstra fokus på tilfredsstillande lydforhold i barnehagane og på skulane i Indre Sogn. Vi har gjennomført målingar i 39 barnehagar og i 27 barneskular. Dette har gjeve oss god oversikt over lydforhold med tanke på akustikk og støy frå ventilasjonsanlegg og andre støyande tekniske installasjonar. Rom som ved måling viser at dei ligg over grenseverdiar har fått påpeikt dette og det er gjeve tidsfristar til skuleeigar om retting av forholda.

Vi har kjøpt inn lydutjamningsanlegg som vi låner ut, utan kostnad. Dette for å betre trivsel og læring for elevar og barn i skule og barnehage. Lydutjamningsanlegg fungerer slik at alle i klasserommet høyrer det læraren seier like godt, uavhengig av kvar i rommet ein er plassert. 

Har ein elevar eller barn med påvist hørselshemming får ein montert lydutjamningsanlegg med støtte i frå hjelpemiddelsentralen, men gode lydforhold er viktig for alle. Kunnskap om lyd og lydforhold, knytt opp mot trivsel og læring, tilseier at elevar uansett funksjonsnivå har behov for særs gode lydforhold. Spesielt viktig er det for dei yngste elevane. MHV ønsker at alle klasserom skal få montert lydutjamningsanlegg og at dette blir standard utstyr i norske klasserom. Ta kontakt om du ønsker å prøve dette ut - mhv@sogndal.kommune.no

Her kan du lære meir om lyd og lydmiljø i skolen - foredrag i opptak: https://ardal.kommunetv.no/archive/20

Foredrag om lyd og lydforhold: Trykk her: 

Artikkel om universell utforming og lydutjamningsanlegg:  Trykk her: 

Fagartikkel om lydforhold i skulen: Trykk her:

Samlerapport tilsynkampanje Lydforhold i barnehagane og skulane i Indre Sogn: Trykk her: