OBS - revidert forskrift tro i kraft 1.7.2023 - Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og Skolefritidsordning
Gammal forskrift: Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
Søke helseverngodkjenning
Alle skular og barnehagar i Norge skal være godkjent etter Forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger. Barnehage/skuleeigar og rektor/styrar/tenesteleiar må ha avklara ansvar og roller knytt til det å søke om godkjenning etter forskrifta, og ha rutinar for dette i internkontrollen.
Framgangsmåte for godkjenning vil avhenge av tiltaket:
• Ny barnehage/skule.
• Eksisterande barnehage/skule ikkje tidligare godkjent.
• Renovering av eksisterande barnehage/skule.
• Tilbygg til eksisterande barnehage/skule.
• Midlertidige erstatningslokale.
• Driftsmessige endringar (eks.: Omlegging av driftsform, utviding av tal barn) (ref. rundskriv fra Helse- og omsorgsdepartementet I-1 /2012).
Forskrifta inneheld både bygningstekniske og driftsmessige krav. For nye tiltak som også er søknadspliktige etter plan- og bygningslova, er det hensiktsmessig å dele godkjenninga i 2 trinn.
Trinn 1: skuleeigar/barnehageeigar søker om samtykke til planer for ny verksemd eller større endringar/utviding/rehabilitering/tilbygg mv. Samtykke bør gis samtidig med at plan- og bygningsmyndigheita behandlar rammesøknaden for tiltaket.
Nytt søknadskjema er under planlegging - ta kontakt på mhv@sogndal.kommune.no eller på tlf 48140349 om de er klar til å søke.
Trinn 2: leiar for skulen eller barnehagen søker om godkjenning ifølge bestemmelser omkring drifta av skulen. Godkjenning gis om mogleg før oppstart. Det kan være aktuelt for godkjenningsmyndigheita å be om å få vurdere skulen eller barnehagen sitt IK-system igjen etter nokre månaders drift, då ikkje alt vil være heilt på plass ved oppstart.
Søknad om plangodkjenning: Trinn 1 søknadsskjema
Søknad om ferdiggodkjenning/helseverngodkjenning: Trinn 2 søknadsskjema
Rettleiing til forskrifta:
Til rettleiar: Rettleiar for forskrift om helse og miljø i barnehager, skoler og skolefritidsordninger