Fysioterapitenesta har eit variert og godt gruppetreningstilbod. I behandlingsgruppene må du betale eigenandel dersom du ikkje har frikort.

Om du finn eit tilbod som er aktuelt for deg, kan du ta kontakt med ein av fysioterapeutane for å spørje om plass i gruppa. Behandlingsgruppene har berre plass til 10 deltakarar, og kan ha venteliste. Dei førebyggande gruppene er gratis og treng inga påmelding. Frisklivssentralen har også mange gruppetilbod, informasjon om desse finn du på nettsida til frisklivssentralen.

Balansetrening

Vi har fleire balansegrupper med ulike nivå. Ta kontakt for å finne rett gruppe. 

Målgruppe: Heimebuande eldre, med og utan ganghjelpemiddel, som opplever balanseutfordringar i kvardagen og/eller har svekka gangfunksjon.

Opplegg: Fallførebyggande trening med fokus på styrke i bein og balanse.

Stad: I Sogndal og Leikanger.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 90217862/46940078 (Sogndal), 47508864 (Leikanger).

Hofte-knegruppe

Målgruppe: Innbyggarar i alle aldre med slitasjeplager frå hofte og kne. Aktuelt for opptrening før operasjon, istadenfor operasjon eller som del av opptrening etter operasjon.

Opplegg: Stasjonstrening med uthald og styrketrening for kne og hofter, rettleia av fysioterapeut.

Stad: Utstyrssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 46940078.

Artroseskule

Målgruppe: Innbyggarar i alle aldre med slitasjeplager i hofte eller kne.

Opplegg: Ei undervisningsøkt som gir deg innsikt artrosediagnosen, behandling og kva du sjølv kan gjere for å betre dine symptom. Deretter oppfølging individuelt eller i gruppe i kombinasjon med eigentrening i tilsaman 12 veker.

Stad: Felles undervising i Sogndal. Oppfølging individuelt eller i gruppe i Sogndal, Leikanger eller Balestrand.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 47508864 (Leikanger), 46940078 (Sogndal), 99336004 (Balestrand).

Nevrogruppe

Målgruppe: Personar med ulike nevrologiske diagnosar. 

Opplegg: Individuell trening i gruppe. Rettleia av fysioterapeut. 

Stad: Utstyrssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje. 

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 99286128.

Parkinsontrening

Målgruppe: Personar med parkinson-sjukdom, må ha sjølvstendig gangfunksjon med eller utan enkle ganghjelpemiddel.

Opplegg: Gruppetrening leda av fysioterapeut med fokus på store bevegelsar, gangtrening, koordinasjon og lett styrke. Treninga kan utførast i ståande/gåande eller i sittande stilling.

Stad: Treningssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje. 

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 90217862.

Fysio Pilates

Målgruppe: Utrente eller personar med plagar frå rygg, nakke, skulder eller overvekt.

Opplegg: Grunnleggande styrketrening. Særleg vekt på å styrke dei djupe musklane kring mage og rygg, og på å balansere dei ulike muskelgruppane mot kvarandre.

Stad: Balestrand Fysikalske institutt.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt for interesse: 99336004.

MediYoga

Målgruppe: Innbyggarar i alle aldre med stressrelaterte plager og kroniske smerter.

Opplegg: Fokus på pust, avspenning og meditasjon. Yogaøvingane er enkle og kan utførast av alle, anten liggande, sittande på golv eller på stol. Leiast av fysioterapeut og MediYoga-instruktør.

Lokalisering: Fysioterapisalen på Leikanger Helsesenter.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt ved interesse: 91833245.

Psykomotorisk bevegelsesgruppe

Målgruppe: For pasientar som går, eller har gått, i psykomotorisk behandling, men er open for andre ved kapasitet. Bevegelsesgruppa tek utgangspunkt i å ivareta deg med psykiske plager og andre sammensatte lidingar som ynskjer tilbod i gruppe som terapeutisk tiltak, eller som støtte for å forankre det me har jobba med i den individuelle psykomotoriske behandlinga.

Opplegg: Gruppa retter seg mot bevisstgjering og endring av spenningstilstandar i kroppen. I denne bevegelsesgruppa blir det vektlagd både å få auke kontakten med eigen kropp og bli meir fortrulege med den. Økta har fokus på harmoni og flyt i kroppen med bruk av enkle rørsler. I løpet av timen trena du balanse, styrke, stabilitet og bevegelegheit, før økta blir avrunda med avspenning. Dei psykomotoriske bevegelsesgruppene vil ha ulike nivå og fokusområde.

Stad: Treningssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje.

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt på SMS ved interesse: 41673908.

Medisinsk yoga med psykomotorisk fysioterapeut

Målgruppe: For pasientar som går, eller har gått, i psykomotorisk behandling, men er open for andre ved kapasitet. Dette er for deg som ynskjer tilbod i gruppe som terapeutisk tiltak, eller som støtte for å forankre det me har jobba med i den individuelle psykomotoriske behandlinga.

Opplegg: Yogaøvingane er mjuke og rolege og blir kombinert med pusteteknikkar, avspenning, meditasjon og sjølvrefleksjon.  Yogaøkta blir tilpassa kvar enkelt sine føresetnadar og tek omsyn til dine helseutfordringar, og det vil bli halde ulike økter med medisinsk yoga for ulike nivå og fokusområde.

Stad: Treningssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2.etasje. 

Betaling: Eigenandel.

Ta kontakt på SMS ved interesse: 41673908.

Barseltrening

Målgruppe: Damer som har fødd for 6 veker til 12 månadar sidan.  

Opplegg: Oppvarming til musikk (eller du kan nytte sykkel, tredemølle eller ellipsemaskin), tilpassa styrke- og bekkenbunnstrening. Leia av fysioterapeut. Hjelp til barnepass.

Stad: Treningssalen på Sogndal Helse- og omsorgssenter/Fysioterapiavdelinga på Helsesenteret på Leikanger.

Betaling: Gratis.

Ta kontakt ved interesse: 99 28 61 27 (Sogndal), 91833245 (Leikanger).

Gravidtrening

Målgruppe: Gravide.

Opplegg: Stasjonstrening. Tilrettelagt styrketrening for gravide.

Stad: Treningssalen på Sogndal helse- og omsorgssenter, 2. etasje.

Betaling: Gratis.

Ta kontakt ved interesse: 99286151.
 

Sterk og stødig

Målgruppe: Heimebuande seniorar som opplever ustøheit og som ynskjer å trene styrke og balanse. Ein må kunne gå utan ganghelpemiddel inne og kome seg til trening sjølv. 

Opplegg: Ein time trening med oppvarming, kondisjon, styrke og balanse. Kaffi etter trening. Leia av frivillig sertifisert Sterk og stødig-instruktør. 

Stad: Det finst fleire grupper på ulike stader i kommunen. 

Betaling: 200 kr per semester.

Ta kontakt ved interesse: 95303897.

Eldretrim

Målgruppe: Bebuarar på Balestrand helsetun og heimebuande eldre, med og utan ganghjelpemiddel, som opplever balanseutfordringar i kvardagen og/eller har svekka gangfunksjon.

Opplegg: Sittande og ståande fallførebyggande trening i gruppe, med fokus på styrke i bein og balanse.

Stad: Balestrand Helsetun.

Betaling: Gratis.

Ta kontakt ved interesse: 40434816.

Balansetrening

Målgruppe: Heimebuande eldre, med og utan ganghjelpemiddel, som opplever balanseutfordringar i kvardagen og/eller har svekka gangfunksjon.

Opplegg; Sittande og ståande trening i gruppe leia av fysioterapeut. Fallførebyggande trening med fokus på styrke i bein og balanse.

Stad: Treningssalen på fysioavdelinga Leikanger helsesenter.

Betaling: Gratis.

Ta kontakt ved interesse: 47508864.