Klage på barna sitt leik og læringsmiljø i barnehagen

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler regulerer barna sitt leik- og læringsmiljø. Opplever du at miljøet i barnehagen ikkje er tilfredsstillande; for eksempel: Mangelfull ventilasjon? Støy på inne eller uteområdet? Fuktproblematikk? Utfordringar med tryggleiken? 

I første omgang må du ta kontakt med styrar i barnehagen direkte eller gjennom FAU eller SU. Opplever du ikkje betring kan du ta kontakt med oss. Vi vurderer saka og tek eventuelt kontakt med styrar. Det kan bli bestemt at det blir gjennomført tilsyn i barnehagen. Det blir då utarbeidd ein tilsynsrapport som du kan få kopi av. 

Reglar og rettleiing finn du her.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på elevane sitt arbeidsmiljø

Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler regulerer elevar sitt arbeidsmiljø. Opplever du at miljøet i skulen ikkje er tilfredsstillande; som for eksempel: Mangelfull ventilasjon? Støy på inne eller uteområdet? Fuktproblematikk? Utfordringar med tryggleiken? 

I første omgang må du ta kontakt med rektor på skulen direkte eller gjennom FAU eller SU. Opplever du ikkje betring kan du ta kontakt med oss. Vi vurderer saka og tek eventuelt kontakt med rektor. Det kan bli bestemt at det blir gjennomført tilsyn i skulen. Det blir då utarbeidd ein tilsynsrapport som du kan få kopi av. 

Reglar og rettleiing finn du her.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på skadedyrbekjemper

Bekjempelse av skadedyr er ei viktig samfunnsoppgåve. Det er viktig at skadedyr blir effektivt bekjempa, men samtidig på ein slik måte at det ikkje er til skade for helse og miljø. Dette kan det lesast meir om i forskrift om skadedyrbekjempelse.

Om du meiner eit skadedyrfirma gjer noko feil kan du melde frå om dette til oss. Du kan for eksempel klage dersom skadedyrbekjempelsen kan ha ført til skade på helse, hygiene, miljø eller tryggleik.

Reglane finn du i forskrift om skadedyrbekjempelse og anbefalingar i Folkehelseinstituttets skadedyrveileder

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på skadedyr

Miljørettet helsevern fører tilsyn etter forskrift om skadedyrbekjempelse. Her er eksempler på hva du kan klage på til Miljørettet helsevern:

  • Skadedyr som kjem inn til deg fra naboleiligheit.
  • Veggedyr, kakerlakkar eller andre insekt på overnattingsstad som du har brukt.
  • Store mengder rotter eller andre skadedyr som skuldast at dei får mat av nokon.

Dersom du har eit skadedyrproblem som skuldast ein privatperson bør du forsøke å ta opp saka med vedkommande før du sender klage til oss. 

Du kan ikkje klage på at du har fått skadedyr på din eigen eigedom, med mindre problemet heilt openbert skuldast ein naboeigedom. Alle som eig eller brukar ein eigedom har plikt til å førebygge skadedyr, og bekjempe skadedyr dersom det blir mange av dei. Dersom det er skadedyr på din eigen eigedom anbefalar vi at du tek kontakt med eit skadedyrfirma.

Folkehelseinstituttet har ei nettside om skadedyr kor du kan finne informasjon. Der finn du også rettleiing om kjøp av skadedyrbekjempelse, samt liste over firma som har godkjente skadedyrbekjemparar.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på dyrehald

Dyrehald skal ikkje gje vesentlege helseulemper for naboar i form av støy, lukt, smitte eller skadedyr.

Miljøretta helsevern behandler kun klager som medfører vesentlige helse- eller skadedyrproblemer. Du må først forsøke å finne løysning på problemet saman med dyreeigaren før du tek kontakt med kommunen. I en del saker vil vi anbefale naboar å megle fram løysningar via Konfliktrådet

Bekymringsmeldingar om dyrevelferd må sendast til Mattilsynet. Du kan ringe oss for å drøfte forholdet først, men dersom du vil klage må du klage skriftleg. Bruk det elektroniske skjemaet under eller send e-post til mhv@sogndal.kommune.no. Ikkje send personsensitive opplysninger per e-post. 

Når vi har teke i mot klagen vurderer vi først om saka fell inn under vårt ansvarsområde. Dersom det blir bestemt å behandle saka tek vi først kontakt med dyreeigar for å komme og sjå på dyrehaldet. Dei  fleste saker løyser seg med dialog, men vi kan stille krav til at forhold som medfører helse- eller ureiningsproblem blir retta opp. Da fattar vi enkeltvedtak i tråd med forvaltningslova.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på boblebad, badstu eller symjebasseng

Opplever du forhold som du ikkje finn tilfredstillande i eit badeanlegg du har besøkt, eller du har fått sjukdom eller infeksjon etter besøket kan du ta kontakt med oss.

Forskrift for badeanlegg, bassengbad og badsto og forskrift om miljørettet helsevern § 10 har regler om hvordan det skal være i boblebad og svømmebasseng. Du kan klage på for eksempel:

  • Dårlig hygiene, smittevern, reinhald eller vedlikehald
  • Manglande sklisikring eller fare for andre ulykker
  • Dårlige forhold for livredning eller manglande rednings- og førstehjelpsutstyr
  • Mangelfull merking av bassengdjupn
  • For få eller for dårlige omkledningsrom, dusjar og toalett
  • Dårlig inneklima, støy eller belysning

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på støy

Støy er regulert i mange ulike lover, forskrifter og rettleiarar. Derfor er det fleire forskjellige kommunale og statlege etatar som behandlar klager på støy. Her er ei oversikt over kor du kan henvende deg dersom du blir plaga av støy.  Ta først kontakt med den som lagar støyen for å forsøke å finne ei løysning. 

Bygg- og anleggsverksemd: Utbyggingsprosjekt har reglar for støy i sine byggetillatelsar, kontakt derfor plan og bygningsetaten i din kommune. Rettleiande støygrenser står i retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442. Det er viktig å hugse på at grenseverdiene er gjennomsnittsverdiar, for eksempel over 12 timer på dagtid. Det er altså ikkje nødvendigvis slik at grenseverdien er brutt sjølv om ein gjer ei augeblikksmåling som viser høge støynivå. Støyande arbeid på natt (kl. 23 - 07) er kun unntaksvis tillate. 

Tekniske installasjoner: Kjem støyen frå varmepumper, vifter, kjøleanlegg eller liknande, kontakt plan og bygningsetaten i din komune. Denne støyen regulerast i plan- og bygningslovabyggteknisk forskrift og Norsk Standard 8175 (støy) og Norsk Standard 8176 (vibrasjoner). Forenkla sagt er støygrensa for tekniske installasjonar 35 dB om natten, 40 dB på kveldstid og 45 dB på dagtid.

Bedrifter eller industri: Kontakt plan og bygningsetaten i din kommune og spør kva reglar for støy som er sett i reguleringsbestemmelsane for eigedommen. Dersom du meiner at dei bryt reguleringsbestemmelsane kan du klage til plan- og bygningsetaten. Dersom det ikkje finnast nokre reguleringsbestemmelsar om støy kan du sende klage til miljøretta helsevern. Rettleiande støygrenser står i retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging T-1442.

Steinknuseverk, asfaltverk og anna industri som har konsesjon etter forurensningslova: Kontakt Statsforvaltaren i Vestland. Denne støyen er regulert i forurensningsforskrifta. 

Vegtrafikk: Klager på trafikkstøy fra kommunale vegar skal rettast til vegmyndigheita i din kommune. Gjeld det støy fra fylkeskommunal eller riksveg, kontakt Statens vegvesen. Kva reglar som gjeld står på Statens vegvesen sine nettsider om veitrafikkstøy

Veiarbeid om natta: Ta kontakt med eigar av vegen. Kommunal veg - vegmynde i din kommune. Fylkeskommunal veg: Vestland fylkeskommune. Riksveg: Statens vegvesen.

Skytebaner: Miljøretta helsevern kan behandle klager på støy frå skytebaner. 

Konserter og arrangementer: Som hovedregel skal arrangementer holdes i tidsrommet 07 -23. Dersom du blir plaga av et pågående arrangement, kontakt arrangøren. Dersom dette ikkje fører fram kan du kontakte politiet på telefon 02800. Dersom du får helseplager av regelmessige arrangementer, kontakt miljøretta helsevern. Rettleiande regler står i Musikkanlegg og helse

Støy fra mennesker i offentleg rom, for eksempel frå parkar, idrettsanlegg og leikeplassar etter klokka 23:00, rettast til politiet på telefon 02800. 

Nabostøy: Støy mellom leiligheiter regulerast av sameigelova og burettslagslova. Kontakt sameiet/borettslaget, eventuelt politiet dersom saka hastar. Dersom du er plaga av støy fra nabo i eit anna bygg, er det grannelova som gjeld. Då kan du kontakt med Konfliktrådet, eventuelt Forliksrådet.

Idrettsanlegg: kontakt eigar av anlegget. Dersom dette ikkje fører fram kan du sende klage til miljøretta helsevern. Denne type støy vurderast etter veileder for nærmiljøanlegg. 

Motorstøy: Støy fra motorkjøretøy er lovleg, med mindre lyddemparen er fjerna eller øydelagt. Dersom det er mange motorsyklar, mopedar eller andre køyretøy i ditt område som du mistenke manglar lyddempar kan du kontakte Statens vegvesen og spørre dei om å gjennomføre kontroll. 

Anna støy: Sjå lista hos Miljødirektoratet for å sjå om du finn støykjelda du blir plaga av der. Der finn du også kven som er tilsynsmyndigheit. Dersom du utsettast for støy som ikkje er på lista, som gir deg helseproblem, kan du klage til miljøretta helsevern. Du må først forsøke å ta opp saka med den som forårsakar støyen for å finne ei løysing. Du kan deretter sende skriftleg klage. 

Støymåling? Dersom du treng å få målt eller kartlagt støy, kan du sjekke om miljøretta helsevern kan ta målinga eller du må du kontakte eit firma med kompetanse innan støy, akustikk og vibrasjon.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på frisørsalong eller hudpleiestudio

Du kan sende inn klage dersom du opplever dårlig hygiene, manglande handvaskrutinar, manglande godkjenning av lokala dersom det blir utøvd behandlingar som hol i øyrene, microblading eller permanent makeup. 

Les meir på vår temaside: Frisør-, hudpleie-, tatovering-, og holtakingsverksemder

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på tatoverings- eller piercingstudio

Alle tatoverings- og piercingstudio skal før oppstart være godkjent etter Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og holtakingsvirksomheter. Forskrifta stiller krav til lokaler og hygienisk tilfredsstillande utøving. Forskrifta stiller ikkje krav til kvaliteteten på tatoveringen - det må du ta opp med tatovøren. Bruk av studio som ikkje er godkjente kan auke risikoen for å få alvorleg infeksjon og smitte av blant anna hepatitt. 

Du kan sende inn ei klage til miljøretta helsevern dersom du opplever for eksempel:

  • Manglande handvaskrutinar
  • Manglande handvask og tilgang på toalett
  • Manglande godkjenning
  • Ikkje tilfredsstillande hygienetiltak
  • Det tilbys tatovering til mindreårige

Les meir på vår temaside her: Frisør-, hudpleie-, tatoverings-, og hulltakingsvirksomheter

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på solstudio

Å tilby solarium til kundar er regulert både i strålevernforskrifta og etter forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie-, tatoverings- og hulltakingsvirksomheter.

Opplever du dårlig hygiene eller mistenker feil med solaria kan du sende inn klage til miljøretta helsevern.

Les meir på vår temaside om stråling: Stråling 

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn. Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på butilbod; utleigebustader, hospits, asylmottak, fengsel etc

Dersom du opplever ikkje tilfredsstillande forhold der du bur, og det er forhold du ikkje kan gjere noko med sjølv på grunn av at du er i eit leigeforhold, kan du sende ei klage til miljøretta helsevern. Du må ha teke opp forholdet med bustadeigar/verksemd først. Dersom forholdet ikkje blir utbetra innan rimleg tid kan du klage.

Forhold som er aktuelle å ta opp kan for eksempel være:

  • Støy innad i verksemda
  • Dårleg inneklima; mangelfull ventilasjon, fukt, muggsopp
  • Det er ikkje utført radonmålingar
  • Dårleg belysning
  • Reinhaldsrutinene er mangelfulle
  • Skadedyr

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn. Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

Klage på tobakksrøyk

Er du plaga med tobakksrøyk der du bur, i barnehagen, på skuleområdet eller for eksempel i eller frå serveringsstader, kan du sende ei klage til miljøretta helsevern. 

Du kan velge å være anonym, men då er det ikkje sikkert vi kan behandle klagen. Du må også som utgangspunkt ha forsøkt å ta opp forholdet med den eller dei det gjelder før du sender klagen. Ta kontakt om det er utfordringar knytt til dette og du om ønsker å diskutere forholdet først. Tlf 48 14 03 49/90 94 35 28.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn  . 

Klage på campingplassar eller anna type overnattingstilbod

Har du budd på campingplass, hotell, eller annan type overnattingstilbod kan du sende klage til miljøretta helsevern dersom du finn at overnattingstilbodet ikkje er tilfredsstillande. Forhold som du kan melde inn er for eksempe brannfare, ikkje tilfredsstillande hygiene, utfordringar med tryggleiken for eksempel på leikeplass, utfordrande innemiljø både med tanke på støy, belysning og inneklima (ventilasjon, fukt, muggsopp), veggedyr og andre skadedyr.

Ønsker du å sende inn klage nyttar du dette skjemaet: Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn. Ønsker du å diskutere forholdet først ring 48 14 03 49/90 94 35 28.

 

Klage på forhold som du ikkje finn i lista over.

Definisjonen på miljøretta helsevern er alle biologiske, kjemiske, fysiske eller sosiale faktorar som kan verke inn på helsa. Dersom du opplever miljøfaktorar i nærmiljøet ditt som går ut over helsa di, og du ikkje finn informasjon om forholdet i lista over, kan du sende ei generell klage på forholdet. Nytt klageskjemaet Klage til miljøretta helsevern Indre Sogn. Ønsker du diskutere forholdet først, kan du kontakte miljøretta helsevern anten på telefonnummer 48 14 03 49 eller 90 94 35 28, evnt på epost mhv@sogndal.kommune.no. OBS - send ikkje sensitive personopplysningar på epost!