Kven kan be om innsyn
Pasient eller verje/føresette kan be om innsyn i journal.
Over 16 år
Føresette har som hovudregel ikkje rett på innsyn/kopi av journal for barn over 16 år.
Pårørande
Dersom du ynskjer journalinnsyn i journalen til ein annan person, må du ha skriftleg fullmakt der det går fram at du ynskjer journalinnsyn og kva periode du ynskjer innsyn i. Fullmakta må ha underskrift frå den som eig journalen / den journalen gjeld. Pårørande som ynskjer innsyn i / utskrift av journal, må legge fram fullmakt frå pasienten sjølv, eventuelt frå verje. Det må gå fram kva du ynskjer innsyn i, og kva tidsperiode fullmakta gjeld.