Introduksjonsprogrammet skal gi kunnskap i norsk språk, norsk samfunnsliv og norsk arbeidsliv, slik at du seinare kan få arbeid eller ta meir utdanning.

Som flyktning har du rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet dersom du er mellom 18 og 55 år, er nyankommen og har behov for grunnleggjande kvalifisering.

Deltakarar i introduksjonsprogram har krav på introduksjonsstønad

Det er kommunane som har ansvar for å gjennomføre programmet. Programmet skal vere individuelt tilrettelagt. Du får ein eigen programrådgjevar som blir fast kontaktperson gjennom heile introduksjonsprogrammet. 

Du kan lese meir om introduksjonsordninga på nettsida til Integrerings- og mangfoldsdirektoratet http://www.imdi.no/

På nettsida nyinorge.no finn du praktiske opplysningar frå ulike offentlege etatar.