Det er tilrådd som ein del av den generelle eigenberedskapen å ha jodtablettar lagra heime.

Sjølv om tablettane er til sals reseptfritt i apotek, skal kommunane ha system for mogeleg utdeling av jodtablettar til innbyggjarane i dei mest sårbare gruppene (barn og unge under 18 år, gravide og ammande).

Sogndal kommune har over 9000 jodtablettar lagra i barnehagane og skulane og på dei tre helsesentera i kommunen, klare til utdeling dersom beredskapsmyndigheitene ber oss om det.

Jodtabletter er eit aktuelt beskyttande tiltak ved atomhendingar med utslepp av radioaktivt jod. Målgruppene er barn og  unge under 18 år, gravide og ammende sidan det er desse som har størst risiko for helseskade ved et eventuelt utslepp av radioaktiv jod. Ved svært alvorlege ulukker kan også vaksne under 40 år få råd om å ta jodtablettar.

Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA) følgjer situasjonen i Ukraina nøye, og opplyser på sine nettsider at det på grunn av den store geografiske avstanden er svært lite sannsynleg at det blir nødvendig å ta jodtablettar i Norge.

DSA sitt generelle råd - uavhengig av krigen i Ukraina - er at alle under 40 år bør ha jodtablettar lagra heime. Jodtablettar skal berre takast etter råd gitt frå styresmaktene. Ved ei atomulukke vil det mellom anna koma råd via media og nettsidene til DSA.

Meir informasjon finn du på desse nettsidene