Kommunale kaiar

Sogndal kommune har kaianlegg for fartøy i

Sogndal – Lengde 40 meter

Sogndal v/Lerum brygge - for mindre fritidsbåtar inntil 15 meter(ikkje søknads pliktig)

Betaling med VIPPS til 126030
Pris i 2024:
Pris under 20 fot pr. dag 190 kroner
Pris over 20 fot pr. dag 240 kroner

Leikanger – Lengde 45 meter. Kaia er nedklassifisert til maks 4 tonns akseltrykk etter kai-inspeksjon. Dette inneber at ein ikkje kan nytta kaia for å ta imot og losse massar på.

Balestrand – Lengde 67 meter

Fjærland – Lengde 30 meter

Bruk av kaianlegg

Søknad om bruk av kaianlegg for store fartøy må sendast

Til postmottak@sogndal.kommune.no

Søknaden må sendast 3 veker i forkant og innehalde opplysningar om :

  • Namnet på båten
  • Kontaktperson søkjar med telefonnummer
  • Lengde på båt/fartøy
  • Organisasjonsnummer firma
  • Fakturareferanse
  • Periode søknad gjeld for (frå dato til dato anløp, med ca. klokkeslett)

Kontaktpersonar i kommunen er Ingebrigt Holm Mogaard, Frode Aas og Torgeir Bang

Faste brukarar

Sogndal

  • Norled sin ekspressbåt nyttar kai kvar dag frå 21:00 til 07:15. Ligg til kai over natt. 
  • Turistbåt Fjord X  har fleire daglege anløp etter rutetabell i perioden 01.04.23 – 31.10.23.  

Leikanger

  • Norled sine ekspressbåtar har anløp etter ruteplan.

Balestrand

  • Norled sine ekspressbåtar har anløp etter ruteplan.

Fjærland

  • Ingen faste brukarar. 

Private kaiar

  • Kaupanger/ Amla har to kaiar som er privat 

  • Slinde har ein privat kai