Arealet må ha felles grense med eigedommen din og i form og storleik ikkje vera anvendeleg som eiga tomt. Før du søkjer, må du undersøkja kva arealet er regulert til. Sjekk kommunale planar (kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan). Planregisteret til kommunen finn du på arealplaner.no eller i klartportalen til kommunen sognekart (kommunekart.com). Arealet som du ønskjer å kjøpa, bør vera regulert til bustadformål.
Krav til søknad
For vidare handsaming må du senda ein skriftleg førespurnad til bygg og eigedomsavdelinga. Søknaden må sendast via elektronisk søknadsskjema: Kjøp av tilleggsareal til eksisterende eiendom - Søknad om (KF-825-FK)
I søknaden bør det komma fram kva som er bakgrunnen for at du ønskjer å kjøpa gjeldande areal, samt ei lita skildring av det arealet du vil kjøpa. Søknaden må innehalda eit kartvedlegg der arealet som du ønskjer å kjøpa, er tydeleg avmerkt. Kart kan du finna på sognekart (kommunekart.com).
Kva kostar det?
Dersom kommunen som grunneigar ønskjer å selja, må du søkja om frådeling av grunn til kommunen. Då må du betala delingsgebyr og eventuelt gebyr for dispensasjon. I tillegg må du betala per kvadratmeter for det arealet du skal kjøpa, og for oppmåling/tinglysing.
Handsamingstid
Me vurderer kvar enkelt førespurnad for seg. Det er ingen krav om handsamingstid, men me handsamar søknaden så raskt som mogleg.