Prisen kan delast ut til einskildpersonar, lag og organisasjonar eller institusjonar. Prisen skal stimulera til vidare innsats og skal synleggjera innsats som har eller vil gagna Sogndal-samfunnet.
Utval for levekår er jury som skal vurdera innkomne kandidatar til prisen og avgjera tildelinga. Prisen vert lyst ut i dagspressa og sosiale media. Nominasjon av kandidatar må vera grunngjeven.
Framlegg til kandidatar skal vera innkomne til utvalet innan 12. november. Prisen vert overrekt av ordførar på siste kommunestyremøte kvart år.
Vedtekter for Sogndal kommune sin kulturpris
Framlegg til kandidatar skal sendast postmottak@sogndal.kommune.no.
Vinnarar av kulturprisen
2022: Terje Vatlestad, pådrivar og kulturberar i Sogndal kommune gjennom ein mannsalder, mellom anna gjennom Sogndal storband.
2021: Sognametalbandet Vreid, med Sture Dingsøyr, Stian Bakketeig, Jarle Kvåle og Jørn Holen
2020: Geir Hjetland, kunstnar og skulptør
Prismottakar i dei tidlegare kommunane
Kommunane Leikanger, Balestrand og Sogndal vart slått saman til Sogndal kommune 01.01.2020. Her finn du oversyn over prismottakarane i dei tre gamle kommunane før samanslåinga:
Mottakarar av Leikangerprisen (pdf)