Ledige stillingar i Sogndal kommune

Sogn brann og redning: Ledige stillinger som brannkonstabel (deltid)

På nettsida sogn.no kan du lesa meir om kva som gjer Sogn til ein god plass å bu og arbeida.

Er du interessert i fleire stillingar, må du senda ein søknad per stilling. 
Det er ikkje naudsynt å senda kopi av vitnemål, attestar, kursbevis m.m. Desse skal takast med ved eventuelt intervju eller sendast ved førespurnad. 

Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden. 

I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verta offentleggjort, må du grunngje dette. Me gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då verta varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkja søknaden din.

Fleire av stillingane krev at det vert levert politiattest. På heimesida til politiet kan du lesa om politiattest/vandelsattest og finna søknadsskjema.

På nettsida Framtidsfylket.no kan du finna spennande jobbar i heile Sogn og Fjordane.