Rydding:

• Alle skal rydde etter seg i hall, garderobar/dusjrom, sosiale rom, vrimleareal og gangar.

Bruk av sko i hallen:

• Alle skal skifte sko før dei nyttar hallen eller aerobicrommet.
• Alle skal nytta innesko i hallen og i aerobicrommet. Inneskoa skal ikkje sverta, og bruk av knottar eller piggar er ikkje tillate.

Klister (på ball, hender og sko) og markeringar/tape:

• Bruk av krukkeklister er strengt forbode. Det skal berre nyttast godkjent vatnbasert klister. Overflødig klister skal ikkje tørkast av på hallgolv etc. eller andre stadar i hallen.
• All markering/tape som klistrast på bana skal fjernast etter kvar trening/kamp.
• Ved ureglementert bruk av klister vert rekning på kr 1 000 pr gong sendt til laget det gjeld.

Garderobar:

• Alle skal nytta garderobar til trening/kamp. Treningsvesker og -utstyr skal ikkje takast inn i hallen eller tilhøyrande rom. Brukarane må sjølve syta for å sikre oppbevaring av verdisaker.
• Garderobane skal vera rydda og forlate maks 20 min. etter at treningstida er over. Lagleiar/- trenar er ansvarleg for dette.
• Det er berre lagleiarar/trenarar og utøvarar/spelarar som skal opphalde seg i garderobane/- dusjroma.

Treningsutstyr:

• Lagleiar/trenar er ansvarleg for at utstyr og materiell vert lagt attende på plass etter bruk. Alt utstyr må handsamast med forstand.
• Lagleiar/trenar må sjølv sørge for tilrigging og rydding, eventuelt med hjelp/rettleiing av driftsleiar.

Røyk/snus/tyggegummi:

• Røyk/snus/tyggegummi er ikkje tillate brukt i hallen, sosiale rom, garderobar/dusjrom, vrimleareal og gangar.

Konsekvensar for brukarne ved brot på reglane:

• Lagleiarar/trenarar skal sjå til at bruksreglane vert overhalde. Lag som bryt bruksreglane får åtvaring. Skjer det fleire gonger kan laget verte utestengt frå hallen.
• Hærverk valda av utøvarar/lagsmedlemmer vert straffa med bot på kr. 1000.
• Lagleiarar /trenarar skal sjå til at bruksreglane vert overhalde Lagleiarar/trenarar pliktar å rapportera skader til driftsleiaren.

Leige og leigetid:

• All leige skal tingast hjå driftsleiar eller kulturkontoret.
• Leige som ikkje skal nyttast må avbestillast seinast 2 dagar før. Leige som ikkje vert nytta vert fakturert.

Sal ved kampar/turneringar/tilskipingar:

• Etter avtale med driftsleiar kan kaffi, kaker etc. seljast i hallen. Avtale om dette skal gjerast for kvar kamp/turnering/tilskiping.