Måndag 16.mai gjekk startskotet for årets "Mesternes mester". To øvelsar blei gjennomført første dagen, "armheng i klatreparken" og "kast av erterposar gjennom rockeringar". Det var god stemning, bra innsats og veldig jamt i begge øvelsane. Ein elev pressa seg gjennom over 5min i armheng-øvelsen, som var veldig imponerande:)
Onsdag kom me oss gjennom 3 øvelsar, "puslespel på tid", "slå ned ein spikar på tid" og "telje og rekne gjenstandar". Skal ikkje sjå vekk ifrå at me har ein del framtidige snekkarar på SFO, for spikarane gjekk fort ned!:)
Torsdag er kort dag på SFO, me rakk berre å gjennomføre ein øvelse den dagen, "gjennskap vekta". Elevane fekk kjenne på ei 3kg's vekt og skulle gjennskape vekta med sand i ei bøtte. Morosam, men vanskelig:)
Fredag avslutta me med øvelsen alle har grugleda seg til, "90 graderen". Og deretter ein litt mindre smertefull øvelse, "snu deg på nøyaktig 60s".
Det blei ny rekord i "90 graderen" i år, den blei satt av ein 2.klassing. Tida: solide 11min:)
Gleda var stor då Pizzabakeren-bilen svinga inn på skueplassen og leverte pizza til oss:) Veldig fortjent etter ei veke der alle har stått på for laga sine, gjort sitt beste og pressa seg i ulike øvelsar og heia kvarandre fram! BRA JOBBA ALLE SAMAN!!!:)
VIDEO: