Korleis fungerer elektronisk medisineringsstøtte?

Elektronisk medisineringsstøtte (multidosedispensar) kan vere ei god løysing for innbyggjarar som treng hjelp til å ta rett medisin til rett tid. Løysinga gir varsling når medisinen er klar, og bidreg til ein tryggare og meir sjølvstendig kvardag.
Dispenseren varslar med både lys, lyd og ei tydeleg melding på skjermen når det er tid for å ta medisinen. Då treng du berre å trykkje på eit stort, lett tilgjengeleg felt for å få utdelt doseposen. Deretter opnar du posen sjølv og tek medisinen.

Løysinga er lett å ta med seg dersom du skal reise, og har batteri som varer i opptil eit døgn. Varsla kan justerast etter dine behov, slik at du får ei trygg og føreseieleg rutine gjennom dagen.

Kven kan ha nytte av elektronisk medisineringsstøtte?

Ordninga kan passe for deg som oppfyller eitt eller fleire av desse punkta:

  • treng påminning om å ta medisinar
  • har mange medisinar som skal takast til ulike tider
  • har behandlingar som ikkje toler tidsavvik (t.d. ved hjartesvikt, blodfortynnande, litium eller parkinson)
  • kjenner deg utrygg på om du klarer medisineringa på eiga hand
  • har lett eller begynnande kognitiv svikt
  • brukar mykje energi på å halde oversikt
  • får hjelp av pårørande til å hugse medisinar, og ønskjer å avlaste dei
  • ønskjer å vere meir sjølvstendig
  • får hyppige heimebesøk kun for utdeling av medisin, eller situasjonen inneber risiko i samband med besøk

Du kan sende inn søknad om elektronisk medisineringsstøtte til tildelingskontoret. Du kan søkje elektronisk eller på papir, sjå lenkjer under. Det er helsepersonell som tek i mot, og vurderer søknaden og behovet ditt. Du får tilsendt eit skrifteleg svar på søknaden din.

Søknadsskjema PDF: https://img5.custompublish.com/getfile.php/5371236.2665.kkb7wlwiinbzqq/S%C3%B8knadskjema%2BPLO%2BNy%2BKF%2B158-4640.pdf?return=www.sogndal.kommune.no

Søkje elektronisk https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=6091&externalId=4640&languageCode=nn&auth=KFPORTEN

Kostnad

Du betalar for medisinane dine. Sjølve medisindispensaren lånar du så lenge kommunen vurderer at du har nytte av den.