Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Om miljøretta helsevern

Miljøretta helsevern Indre Sogn (MHV) er eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane Vik, Årdal, Aurland, Lærdal, Luster og Sogndal. MHV består av to fast tilsette ingeniørar og fem kommuneoverlegar.

Kva oppgåver ligg til miljøretta helsevern?

Arbeidet til miljøretta helsevern skal fremme innbyggjarane si helse og beskytte mot forhold som kan føre til helseskade. Kommunen er tildelt ansvar og oppgåver som forvaltningsmyndigheit innanfor folkehelse og miljøretta helsevern. 

Hovudoppgåvene er:

  • Føre tilsyn i skular, barnehagar, solarier, tatoveringsstudio, basseng, frisørar, hudpleieverksemder, campingplassar med fleire.
  • Sakshandsaming og rettleiing om miljøfaktorar som støy, luftforureining, inneklima, stråling, hygiene, skadedyr, med meir.
  • Vurdere helsemessige forhold i planarbeid.

Fleire verksemder har meldeplikt til kommunen før oppstart eller ved endring, og nokre må søke godkjenning før oppstart. 

Kontakt

Leiar Elin Åsnes Øvretun
Mobil: 481 40 349

Ingeniør: Linda Øy

Mobil: 909 43 528

Felles epostadresse til tenesta: mhv@sogndal.kommune.no 

Kart
Sist oppdatert 13. november 2022