Barnehagen har eit utvida samarbeid med Høgskulen på Vestlandet, og er lærarutdanningsbarnehage i åra 2021-2024 og 2024-2028. Dette inneber eit tettare samarbeid med barnehagelærarutdanninga og aktuelle fagmiljø ved høgskulen. Målet er at samarbeidet både skal styrke utdanning, forsking og arbeidet i barnehagen.

Barnehagen opna i august 2020 med både ordførar, kunnskapsminister og rektor ved Høgskulen på Vestlandet til stades. Barnehagen ligg i Sogndal sentrum, midt mellom Fosshaugane campus og sogndalsfjøra, med eplehage som næraste nabo. Bygget i to etasjar inneheld fire småbarnsavdelingar nede og tre storbarnsavdelingar oppe. Småbarnsavdelingane har fått namn etter fine destinasjonar for familieturar i sogndalsområdet; Nuken, Laugi, Fagereggi og Stedjeåsen. Storbansavdelingane har fått namn etter turmål som er litt brattare og høgre; Blåfjell, Togga og Tylderingen.

For barnehageåret 24/25 er avdeling Stedjeåsen ei 3-årsavdeling.

I tillegg til avdelingane har vi eit stort allrom i barnehagen som vi kallar "Hjarterommet". Dette rommet fungerer som eit rom for leik, fysisk aktivitet og større samlingar. Rommet er utstyrt med eit lite kjøkken og er tilgjengeleg også for dei andre barnehagane i kommunen.

Her kan du sjå årsplanen til Fosshagen utdanningsbarnehage 2024/2025: Årsplan 24 25.pdf