Dersom eigar av landbrukseigedom ynskjer å omdisponere delar av dyrka eller dyrkbar jord, til dømes ved å setje opp bilgarasje, må eigar søkje om løyve til omdisponering. I utgangspunkt er det forbod mot å omdisponere dyrka eller dyrkbar jord, men kommunen kan gje dispensasjon i særleg høve.
Korleis søkje?
Du sender grunngitt søknad til kommunen. I søknaden opplyser du kva som er føremålet med omdisponeringa, kvifor det er naudsynt å omdisponere, og oppgjev storeleiken på arealet du vil omdisponere. Du sender kart der arealet du ynskjer å omdisponere er avmerka.