Bruken av piggtråd vert styrt av dyrevelferdslova §15.
Det er frå 2010 eit absolutt forbod mot bruk av piggtråd i nye gjerde og når material i gamle gjerde vert bytt ut. Forbodet gjeld både for innmark og utmark.
Det er grunneigar sitt ansvar å syta for at gamle gjerde og piggtråd som kan vera til skade for dyr og folk, vert fjerna på forsvarleg måte.
Mattilsynet har ansvar for oppfølgjing av dyrevelferdslova.