Vedtak: 1. Planprogram for arealplanen til Sogndal kommune 2022-2032 vert med heimel i plan- og bygningslova § 11-13 vedteke slik det ligg føre med følgjande endringar:
Tillegg i pkt. 5 i framdriftsplanen (s.4-5):
1. Politisk handsaming av moglegheitstudiane, eventuell avgrensing av retningsval/vidare utgreiingar. Prosessvedtak av BAKT og temaplan for naturmangfald i PFU, formannskap og kommunestyre. Tid: Desember 2021/januar 2022
Tillegg på side 6, under BAKT - Arealstrategi for bustad, arbeid, klima og transport
2. Laga eige utgreiingstema om kulturminne og kulturmiljø
3. Godkjente steinuttak/deponi skal konsekvensutgreiast om det i tillegg skal etablerast knuseverk/steinknusing/bearbeiding av massar.
Tillegg under Konsekvensutgreiing (KU) Under bustad-, areal- og transportplanlegging skal følgjande vurderast:
4. Tilknyting til offentleg veg, venta trafikkmengd og kapasitet på vegnettet, trafikkmønster og reisemiddelfordeling, parkeringsdekning og –behov og framkomst for ulike trafikantgrupper.
I tabell 2 Utgreiingstema (s. 8-9)
5. Bustadmarknad og sosial bustadbygging
6. Næring
7. Trafikktryggleik vert vurdert som eit eige tema i konsekvensutgreiinga, med undertema tilhøve for mjuke trafikantar, skuleveg, vegstandard og utforming av eksisterande kryss og avkøyrslar.
Tillegg under «Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROSanalyse):
8. Kommunen skal vurdere og kartfeste potensiell naturfare (flaum-, erosjon- og skredfare) for alle område der utbygging er aktuelt. Fare for flaum og erosjon vert lagt til i lista over «hendingar som skal vurderast».
9. Der arealplanen opnar opp for utbygging utan reguleringsplankrav skal reell fare avklarast.