Kommunestyret handsama saka i møte 28.10.2021 og gjorde følgjande vedtak:
Planstrategien for Sogndal kommune 2021-2024 vert vedteken slik han ligg føre, jf. pbl. § 10-1, med desse endringane:
- Områdeplan for Hermansverk vert flytta med oppstart 1. halvår 2022.
- Områdeplan for Kaupanger vert flytta fram med oppstart 2. halvdel 2022
- Detaljplan for Henjabakkane bustadområde vert teke inn att i planstrategien. Planlagd oppstart 1. halvdel av 2023.
- Detaljplan for Kvåle skule og fleirbruk- og basishall vert teke inn i planstrategien. Planlagd oppstart 2. halvdel 2022
- Det skal utarbeidast ein heilskapleg handlingsplan mot sosial ulikskap med oppstart i og ferdigstilling i 2022