Programmering i Sogndalsskulen og Sogndalsbarnehagen

Kvifor programmere?

I 2020 kom den nye læreplanen, LK20, og med den fekk programmering ein tydelegare plass i skulen. 

I rammeplanen sitt kapittel om digital praksis vert det peikt på at digitale verktøy er ein naturleg del av eit rikt og allsidig læringsmiljø i barnehagen. 

Stikk i strid med det mange trur: Programmering er ikkje berre for at elevane skal læra seg "kodespråk", styre og lage maskiner. Ferdigheitene og den algoritmiske tenkinga dei lærer seg ved å programmere kan overførast til kvardagen. 

Elevane trenar på problemløysing og evna til å stå i ein vanske over tid. Det er rom for kreative måtar å løyse utfordringar , som stimulerer til skaparglede, sjølvtillit og vilje. 

Programmering gjer elevane nyfikne på å prøve ut idear og løyse oppgåver. Det styrkar dei eksekutive dugleikane innan planlegging og konsentrasjon. 

Samarbeid er ein viktig del av programmeringa, og med rett tilrettelegging kan programmering fungere for alle. Programmering gir skaparglede og fungerer som ein inkluderande og utforskande læringsaktivitet. 

Sjekk ut videoane om programmering under, og ikkje minst bildegalleriet frå Sogndalsskulen og -barnehagen.

GLIMT FRÅ KVARDAGEN I KOMMUNEN