Møteplass for pårørande
Saman med Landsforeininga for pårørande innan psykisk helse og Indre Sogn psykiatrisenter, har Sogndal kommune eit tilbod for pårørande til personar med utfordringar knytt til psykisk helse og rusmiddelbruk.
Rask psykisk helsehjelp
Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til alle over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar. Hjå oss kan du få hjelp til å endra tankemønster og åtferd som skapar vanskar for deg i kvardagen.
Sjå meir informasjon på nettsida til rask pykisk helsehjelp i Sogndal kommune
Psykisk helseteam og rustenesta
Psykisk helseteam er eit gratis lågterskeltilbod for alle over 18 år. Du kan sjølv kontakta teamet direkte, eller få hjelp av legen din med å formidla kontakt.
Dersom du kjenner deg deprimert, har angstplagar, har utfordringar knytt til bruk av rusmidlar eller annan type avhengigheit - eller har andre utfordringar innan psykisk helse - kan du få hjelp gjennom psykisk helseteam i kommunen.
Du kan få
- tilbod om samtale
- råd og rettleiing for å skapa orden og struktur i kvardagen
- tverrfagleg samarbeid med fastlege, spesialisthelsetenesta, frisklivssentralen, NAV og andre hjelpeinstansar
Dersom du er pårørande til nokon med desse utfordringane, kan du også ta kontakt med psykisk helseteam.
Korleis jobbar me?
Etter at du eller ein hjelpeinstans har teke kontakt med psykisk helseteam, vil du fa ein kontaktperson i teamet. Kontaktperson vil så ta kontakt med deg for å avtala 1-3 kartleggingssamtalar. Målet med desse samtalane er å avklara kva du ynskjer oppfølging til, om psykisk helseteam kan hjelpa deg med dette og korleis du og kontaktpersonen saman skal jobba med problemstillingane.
Me som jobbar i tenesta, har ulik fagbakgrunn med erfaring og vidareutdanning innan psykisk helse og rus. Teamet har erfaring og kunnskap om ulike tilnærmingar og metodar.
Dersom det er akutt behov for hjelp, ta kontakt med legevakt 116 117 eller politi 112.
Mental helse hjelpetelefon: 116 123.
Helse- og omsorgstenester i heimen for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus
Dersom du har utfordringar innan psykisk helse og/eller rus, og treng meir langvarig oppfølging eller oppfølging i heimen, kan du søkja om dette.
Du fyller då ut skjemaet Pleie- og omsorgstenester - Søknad om (KF-158-5047). For spørsmål kring søknad eller saksgang, kontakt tildelingskontoret.
Aktivitetstilbod
Sogndal:
- Turdag kvar tysdag kl 12. Dette er korte turar i nærområdet, på ca 1 time i roleg til middels gange. NB: påmelding på SMS innan kl 11 same dag.
- Lunsj kvar torsdag kl 12 i Fjørevegen 17. Pris kr 20. NB: påmelding innan kl 11 same dag.
- Klatring kvar fredag 12:30-14:30. Deltakarar må betale inngang til Spenst sjølv. Vi stiller med det ein treng av utstyr. Påmelding innan kl 11 same dag.
- Fjøratreff kvar tysdag 18:00-20:00. Kvelds og program. Ingen påmelding. Sjå Større sosialt nettverk - SOGNDAL KOMMUNE for meir info.
Leikanger:
- Lunsj i Lundheim kvar måndag, frå om med 14.2. kl 12-14. Pris kr 20.
Balestrand:
- Her har me for tida ikkje noko fast tilbod grunna manglande etterspurnad. Ta kontakt ved interesse.
Plakat med dei ulike tilboda (PDF)
For meir info og påmelding, ta kontakt med David Postelt, tlf: 47 64 78 21
Sjekk òg ut Frisklivssentralen sitt tilbod og timeplan: Frisklivssentralen Sogn - SOGNDAL KOMMUNE
Brukarutstyr
Helsedirektoratet har bestemt at alle kommunar i landet skal ha ordningar som gjer brukarutstyr for injeksjon gratis og enkelt tilgjengelig for alle injiserende rusmiddelbrukarar som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen.
Brukarutstyr er tilgjengeleg her:
Sogndal:
Sogndal legesenter, Plassen 2 (1. etasje SHOS), 6856 Sogndal. Telefon: 57 62 97 00.
Helsestasjonen i Sogndal, Plassen 2 (2. etasje, SHOS), 6856 Sogndal. Telefon: 57 65 27 70.
Leikanger:
Leikanger legekontor, Ohnstadhaugen 17, 6863 Leikanger. Telefon: 57 65 27 20.
Balestrand:
Balestrand legekontor, Balestrand helsesenter, Kong Beles veg 6, 6898 Balestrand. Telefon: 57 65 13 00.
Pakkeforløp psykisk helse og rus
Pakkeforløp psykisk helse og rus skal gje pasient og pårørande eit informert, heilskapleg og føreseieleg behandlingsforløp utan unødvendig ventetid. Pasienten skal få større innverknad på behandlinga, og behandlinga skal evaluerast systematisk undervegs. Pakkeforløpet skal tilpassast kvar einskild sin situasjon, ynskjer og behov, samt innehalda kontaktpunkt og oppfølging i kommunen. Samstundes skal forløpet ivareta somatisk helse og levevanar.
For meir informasjon om dei ulike pakkeforløpa for psykisk helse og rus, sjå helsenorge.no
Forløpskoordinator Kristine Mardal Tlf: 57 65 28 14 Mob: 46 94 00 78
Nyttige nettsider
Helsenorge – hjelpetilbod i kommunen
Helsenorge – rus og avhengighet
Rusettervernet i Sogn og Fjordane: Rusettervernet i Sogn og Fjordane – – ein frivillig organisasjon, som skal være til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk, og for pårørande til rusavhengige.
AA: Opplysningstelefon: 911 77 770 - Anonyme Alkoholikere
NA: NA Norge
Pårørande:
Landsforeningen for pårørande innan psykisk helse