Makspris per månad er 3.315 kroner frå 1. januar 2022. Frå 1. august 2022 vert maksprisen redusert til 3 050 kroner per månad. Då kan hushald med samla inntekt under kr 559 167 søkja om redusert pris. 

Alle må søkja på nytt for kvart barnehageår. 
Vedtaket baserer seg på opplysningar frå siste skattemelding. Vedtaket gjeld frå månaden etter at søknaden og rett dokumentasjon er motteken.

Du må søkja innan 15. juni for at ordninga skal gjelda frå barnehagestart.

Dersom du søkjer utanom fristen, vil søknaden gjelda fra måneden etter at me har motteke fullstendig søknad.

Søk om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
 

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i barnehagen

Alle 2 - 5-åringar (og barn med utsett skulestart) som bur i husstandar med låg inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2022 gjeld dette for husstandar som har ei samla inntekt som er lågare enn 598 825 kroner.

Du treng berre sende ein søknad. Oppfyller du krava til redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid, vil dette bli innvilga samtidig.


Dokumentasjon og søknadsprosess

Som husstand vert rekna ektefeller, registrerte partnarar og sambuarar. Der barnet/barna bur fast hjå begge foreldra, skal betalinga reknast ut i frå inntekta i den heimen der barnet er registrert i folkeregisteret. Foreldrebetalinga skal reknast ut frå samla kapital- og personinntekt i husstanden.

Dokumentasjon på inntekt
Inntekta til hushaldet må dokumenterast. Dette gjer du ved å leggja ved kopi av siste års skattemelding (sjølvmelding/"selvangivelse"). 

Dersom inntekta har endra seg vesentleg frå det som kjem fram av skattemeldinga (t.d. endring I hushaldet, arbeidsløyse o.l), må du leggja ved anna relevant dokumentasjon som t.d. studentbevis, lønsslippar frå arbeidsgjevar eller vedtak frå NAV.

Feilaktige eller manglande opplysningar kan medføra full pris.

Meir informasjon om foreldrebetaling og moderasjonsordningar kan du finna på Utdanningsdirektoratet sine nettsider og i Forskrift om foreldrebetaling i barnehager.