Reguleringsplanar er plankart med tilhøyrande føresegner som regulerer bruk, vern og utforming av areal og fysiske omgivnader, for bestemte område i kommunen. Planane kan omfatte eitt eller fleire arealformål, til dømes bustad, forretning, friområde med meir.
Reguleringsplanane som gjeld Sogndal kommune er tilgjengelege i planregisteret på arealplaner.no. Her finn du både plankart, føresegner og vedtak.
I kartportalen vår, kommunekart, finn du arealplanar i kartet, og kan søkja på adresser, stader og eigedomar.
Du finn også ei fin kartvisning for kommunen i Norgeskart.
Er du på jakt etter informasjon om pågåande planarbeid eller vedtekne planar finn du dette under Planar og kunngjeringar.
Slik blir ein reguleringsplan til
Sjå rettleiaren frå Kommunal- og distriktsdepartementet: Reguleringsplan - regjeringen.no
For deg som utarbeider reguleringsplanar
Her kjem informasjon for deg som er plankonsulent.
Lenke til planpakke.