Renovasjon
Sogn interkommunale miljø- og avfallselskap (SIMAS) er eigd av kommunane Sogndal, Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Vik og Årdal og har ansvar for renovasjonstenester i desse kommunane.
Informasjon om tidspunkt for avfallstømming, miljøstasjonar, sortering av avfall, prisar, endring av abonnement og endring av behaldar finn du på nettsidene til SIMAS: Simas - interkommunalt miljø- og avfallselskap
SIMAS arbeider for å endra lokalsamfunnet mot ein meir sirkulær økonomi, med særleg søkjelys på auka ombruk og materialgjenvinning av naturressursar. Les meir om ombrukstilboda og korleis du kan bidra: SIMAS Ombruk
Feiing
Sogn brann og redning iks utfører feiing av skorsteinar og har bustadtilsyn i kommunane Sogndal, Luster, Leikanger, Balestrand og Vik.
Tenestene skal utførast etter behov. Det er feiaren - i samråd med huseigar/bebuar - som avgjer kor lenge det skal vera til neste besøk.
Feiing blir vanlegvis varsla med SMS og epost. Sjekk at me kan nå deg med varsling: Kan me nå deg med varsling? - SOGNDAL KOMMUNE