Rein Sognefjord – for fjorden, for framtida og for dei som kjem etter oss
Sogndal kommune jobbar saman med Framtidshavet for ein rein Sognefjord. Kvart år rydda me opp forsøpling frå fjorden. Bli med du og!
Fjorden treng oss – og tida for å handle er no. Me ser kva forsøpling gjer med naturen, dyrelivet og våre eigne leveområde. Kvar plastbit me fjernar, tel. Kvar einaste innsats, liten som stor, er med på å snu utviklinga. Marin forsøpling er eit stort problem, som påverkar livet i havet og alle som har noko med havet å gjera.
💚 Gjer ein forskjell. Gjer det for framtida. Gjer det for kjærleiken til fjorden.
Rein Sognefjord?
Kva: Ein strandryddedugnad der vi ryddar så mykje marin forsøpling vi kan på éin dag
Kvar: På land og langs heile kysten av Sognefjorden
Når: Sjå https://www.framtidshavet.no/reinsognefjord for årets dato
Kven: For alle som bur rundt Sognefjorden eller som vil ta turen for å delta på ryddedugnaden
Det vert lagt til rette for at det er mogeleg å rydde i dagane før og etter dugnaden, og oppmoda til rydding gjennom heile strandryddeveka, sjå https://holdnorgerent.no/nasjonale-ryddedugnader/strandryddeuka/
Spre bodskapen, ta med familie, vener, kollegaer – og bli med å skrive vidare på historia om ein reinare, vakrare Sognefjord.
👉 Les meir og meld deg på her: Rein Sognefjord — Framtidshavet
Ryddelag og hygge
I tillegg til ryddinga, er det viktig med kos, hygge og sosialt samvær rundt dugnaden.
Framtidshavet set av midlar til at registrerte ryddelag skal få dekkja utlegg som går til mat og drikke til sjølve dugnaden. Slik at dersom eit ryddelag har lyst til å bestille pizza, grille, ha kakao og liknande så er dette mogeleg.