- Serveringsløyve gjeld alle som skal servere mat som skal nytast på staden.
- Salsløyve gjeld føretak som skal selje alkoholhaldig drikk (2,5 - 4,7 % alkohol)
- Skjenkeløyve gjeld alle som skal skjenke alkohol som skal drikkast på staden, det vil seie restaurantar, pubar og liknande. For å få skjenkeløyve må du også ha serveringsløyve.
- Ambulerande skjenkeløyve og skjenkeløyve ved enkelthøve gjeld løyve i til skjenking i slutta lag eller skjenkeløyve for eit bestemt arrangement eller ei bestemt tid på året.
Søknadsfrist for søknad om skjenkeløyve for ein enkelt anledning og for ambulerande skjenkeløyve er seinast tre veker før arrangementet.
Sakshandsamingstid for sals- og skjenkeløyve
Sakshandsamingsfristen for sals- og skjenkeløyve er ifølgje alkohollova fire månadar. Normalt er sakshandsamingstida i Sogndal kommune 4-6 veker. Sakshandsamingstida vert rekna frå det tidspunktet søkjar har sendt oss alle dokumenta vi treng for å handsame søknaden.
Søknaden blir send på høyring til politiet, sosialtenesta og Skatteetaten. Sakshandsamingstida kan bli lengre viss høyringsinstansane brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller viss søkjar gjer endringar undervegs i handsaminga. Kommunen vil då orientere om forseinkinga.
Sakshandsamingstid for serveringsløyve
Sakshandsamingsfristen for serveringsløyve er ifølgje serveringslova 60 dagar. Normalt er sakshandsamingstida fire veker i Sogndal kommune. Sakshandsamingstida vert rekna frå det tidspunktet søkjar har sendt oss alle dokumenta vi treng for å handsame søknaden.
Søknaden blir send på høyring til politiet. Sakshandsamingstida kan bli lengre viss høyringsinstansen brukar lang tid, har merknadar til søknaden eller viss søkjar gjer endringar undervegs i handsaminga. Kommunen vil då orientere om forseinkinga.