Alle tiltak på vatn og avløpsnettet skal godkjennast av kommunen og skal vere levert skrifteleg i form av søknad, òg for arbeid på privat grunn.

  • Størrelse på leidningar (dimensjon) 
  • Høgde på røyr i grunnen (estimert) 
  • Høgde på lægste vasslås i bygning 

Skjemaet skal vere utfylt av ansvarleg søkar. Ansvarleg søkar er røyrleggar eller bedrift med kompetanse på legging og kopling av røyr.  

Ved nytilkopling skal også tilkoplingsavgift vere betalt før ein kan kan knyte seg til det kommunale leidningsnettet.  

Dersom leidning kryssar andre sin eigedom eller det er tilknyting til felles privat anlegg, skal der leggast ved dokumentasjon på tinglyste fråsegner om dette. 

Ved ferdigstilt arbeid skal det sendast ny skisse (Som utført) med oppdaterte høgder, samt innmålingsdata i SOSI-format.