I dag avslutta me vinter-OL veka vår med ein forrykande avslutningsseremoni:) Forventningane var store, rykta hadde gått om korpsmusikk, pølser, bollar osv:)
Og forventningane verka å bli innfridd!
Alle utøvarane sat klare på tribuna då skulekorpset stilte seg opp på bana, dei opna showet med ein flott "mars". Deretter tok rektor Kjell, IOC president for dagen, ordet og gratulerte utøvarane med ei godt gjennomført veke! Kjell las opp 3.plass, 2.plass og 1.plass, dei gjekk opp på seierspallen og der 1.plass fekk utdelt medaljar frå eldste utøvaren på SFO.
Tradisjonen tru under prisutdelingar var det no tid for nasjonalsongen, "Ja vi elsker", nydeleg framført av skulekorpset! Seremonien blei avslutta med spruting av (alkoholfri) champagne:)
Etter sjølve avslutningsseremonien var det tid for afterski (after-OL) med musikk, grilling av pølser, banan og gulrot (gåve frå Sogneprodukt) og nydelege heimelaga skulebollar - laga av vår fantastiske lærling, Sunniva:)
Me kan utan tvil sei at SFO vinter-OL har vore ein kjempesukses! Utøvarane har storkosa seg, og det verkar som dei har gleda seg litt ekstra til kvar dag på SFO denne veka.
Arrangøren av SFO vinter-OL, dei vaksne på SFO, har og hatt det kjempemoro! Når utøvarane kosar seg, kosar me oss!:)
Det er kjekt å vinne, men det viktigaste er utan tvil å delta og å ha det moro:)
Video av heile avslutningsseremonien:
Videosnutt av afterski: