Barnetrinnet

Skulehelsetenesta er på barneskulane faste dagar/tider. Informasjon om dette finn du på skulane sine heimesider.

Skulehelsetenesta skal vera lett tilgjengeleg for elevar, foreldre/føresette og dei tilsette på skulane.  
Me tilbyr helsesamtalar, råd og rettleiing og heimebesøk. Dess tidlegare ein blir kjend med det som er vanskeleg for barnet, dess lettare kan me hjelpe.

Ungdomstrinnet

Skulehelsetenesta er på ungdomsskulane faste dagar/tider. Informasjon om dette finn du på skulane sine heimesider.

Open dør, avtalar og samtalegrupper
Elevane kan komme innom helsesjukepleiar utan avtale eller foreldra/føresette kan ringje og gjere ein avtale. 

Helse og utvikling
Skulehelsetenesta jobbar for å fremje ein best mogleg helsemessig utvikling hjå elevane. Me tilbyr helseundersøking, vaksiner i tråd med barnevaksinasjonsprogrammet, oppfølging og samtaler, og me har undervisning og rettleiing i grupper og klassar.

Aktuelle tema for samtalar og helseundersøking

  • ​Trivsel/klassemiljø/skulefråvær/mobbing
  • Kroppen i vekst og utvikling, fysisk og psykisk smerte - magesmerter, hovudverk, søvnvanskar, stress/press/bekymringar, eteanskar, tristheit, sjølvskading, sorg
  • Praktiske utfordringar og bekymringar når foreldre ikkje bur saman
  • Nettvett/nettbruk
  • Syn, høyrsel
  • Seksuell helse og prevensjon

Vidaregåande skule

Skulehelsetenesta er eit gratis tilbod til alle elevar i vidaregåande skule.
Ring eller send ein SMS til helsesjukepleiar ved din skule for å avtale time, eller kom innom for drop-in time.

Sjå skulen si heimeside for informasjon :
Sogndal vgs - skulehelsetenesta

Tverrfagleg samarbeid
Skulehelsetenesta samarbeider med lærarar, PPT, fastlegar, barnevern, politi, ungdomsavdelinga og andre aktuelle instansar. Me innhentar alltid samtykke frå foreldra før vi utvekslar informasjon med andre faggrupper eller instansar.

Helsejournal – skulehelsetenesta 
Alle barn har ein journal i helsestasjons- og skulehelsetenesta. 
Journalen føl barnet frå nyfødd alder til og med 10. trinn. Opplysningane skal bidra til ei fagleg forsvarleg oppfølging (jf. Forskrift om pasientjournal). 
Skulehelseteneste-journalen er ein elektronisk journal og etter 10.trinn vert den lukka. Dersom de flyttar ønskjer me å sende journalen til skulehelsetenesta ved den nye skulen, dette vert gjort etter samtykke.

Innsynsrett
Foreldre/føresette har som hovudregel rett til innsyn i helseopplysningar som omhandlar barnet. 
Når barn/ungdom er mellom 12 og 16 år, skal helseopplysningar ikkje givast til foreldre eller andre med foreldreansvaret når barnet/ungdommen, av grunnar som bør respekterast, ikkje ønskjer dette. 
Informasjon som er naudsynt for å oppfylle foreldreansvaret, skal likevel givast forelda eller andre med foreldreansvaret når barnet er under 18 år 
(jf. Pasient og brukerrettighetsloven § 3-4.).

Helsesjukepleiar arbeider etter eit fastlagt skulehelsetenesteprogram

Alder/Klasse

 

Ansvar

Kontaktform

5-6år

Førskulekonsultasjon
-samtale med helsesjukepleiar og måling av vekt og høgd

Helsesjukepleiar

Individuell

2.klasse

Tilbod om vaksine mot difteri, stivkrampe, kikhoste og polio

Helsesjukepleiar

Individuell

3.klasse

Samtale m/måling
av vekt og lengd

Helsesjukepleiar

Individuell

4.klasse

Helseopplysning om kosthold og tannhelse

Helsesjukepleiar og tannpleiar

Gruppe

5.klasse

Helseopplysning om pubertet; kropp, grenser, tanker og følelser.

Helsesjukepleiar og skulelege

Gruppe

6.klasse

Tilbod om vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar (MMR)

Helsesjukepleiar

Individuell

 

Helsesirkelen eller PF??

Helsesjukepleiar

Gruppe

 

Helseopplysning om vold og overgrep

Helsesjukepleiar og Nok

Gruppe

7.klasse

Tilbod om vaksine mot HPV

Helsesjukepleiar

Individuell

8.klasse

Samtale m/måling
av vekt og høgd

Helsesjukepleiar

Individuell

9.klasse

Undervisning om psykisk helse

Helsesjukepleiar og psykolog

Gruppe

10.klasse

Samlivsundervisning

Helsesjukepleiar og skulelege

Gruppe