Søk om redusert foreldrebetaling for SFO via Visma føresettportalen
Søknad må sendast kvart år. Søk innan 15. juni for å få redusert foreldrebetaling med på første faktura komande skuleår.
Nasjonalt er det fastsett tre moderasjonsordningar for SFO:
- Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1.-4. trinn slik at utgifter til SFO per barn ikkje overstig 6% av hushaldet si inntekt.
- Gratis SFO for elevar med særskilte behov 5.-7. trinn
- 12 timar gratis SFO for elevar på 1. og 2. trinn
Viser elles til vedtektene for SFO, § 8. Foreldrebetaling.