I juni 2021 kom det nye retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging: Formålet med retningslinja er å legge til rette for ei langsiktig arealdisponering og planlegging av det fysiske miljø som fremjar trivsel og bukvalitet, førebygger helsekonsekvensar av støy, samt ivaretek og utviklar gode lydmiljø og stille område.
Støy
Som innbyggjar i Indre Sogn kan du ta kontakt med Miljøretta helsevern (MHV) om du kjenner deg plaga av støy i heim og hage, fritidsbustad eller for eksempel dersom barnet ditt opplever støy i skulen eller barnehagen.
Du må først ta kontakt med den som er ansvarleg/"eigar" av støyen og forsøke å finne ei løysing. Dersom dette ikkje vinn fram, så kan du ta kontakt med oss i MHV.