Høyrselshjelpemiddel

Ergoterapeuten kan hjelpe deg med formidling av høyrselshjelpemiddel. Dette kan til dømes vere ringeklokkeforsterkar, samtaleforsterkere, lyd frå TV, brannalarm og varslingshjelpemiddel. Ergoterapeuten vil kartlegge behovet, hjelpe deg å søke på aktuelle hjelpemidler, samt gi opplæring i bruk av hjelpemidlet. Denne tenesta er gratis.

Vedlikehald av høyreapparatet?

Du som har fått høyreapparat frå høyrselssentralen, har sjølv ansvar for dine høyreapparat. 

Dersom du er innbyggar i Sogndal, Leikanger eller Balestrand, kan du ta kontakt med likeperson i høyrselsforbundet for å få hjelp. Likeperson jobbar frivillig og tilbyr drop-in timar kvar onsdag på sjukeheimen i Sogndal. Tilkomst ved hovudinngangen på Sogndal helse- og omsorgssenter, første døra til høgre. Tenesta er gratis. 

Likeperson er tilgengeleg SHOS, onsdagar kl. 10-12.

  • For personar med vedtak på heimetenester:

    Har du vedtak på kommunale tenester, kan representant frå heimetenesta hjelpe deg med vedlikehold av høyreapparat. 

    Sogndal: Ta kontakt på vakttelefon 41628603 for å avtale tid. 

    Leikanger: Ta kontakt på vakttelefon 91812767 for å avtale tid. 

    Balestrand: Ta kontakt på vakttelefon 90696354 for å avtale tid. 

  • For personar som bur på institusjon:

    Har du fått vedtak på langtidsplass på sjukeheimen, må du ta kontakt med personale på den aktuelle avdelinga som kan hjelpe deg med vedlikehold av høyreapparat. 

Synskontakt

Har du synsnedsettelse, og behov for synshjelpemiddel? Ta kontakt med synskontakt. Før du tek kontakt må du ha dokumentasjon frå optiker eller augelege, som ikkje er eldre enn 6 mnd. 

Synskontakten kan hjelpe deg med å kartlegge behovet for ulike typer synshjelpemidler som du kan ha nytte av. Dette kan til dømes vere lesetv, håndholdte luper, lesemaskin, og filterbriller. Synskontakten hjelper deg å søke på hjelpemiddel, og gir opplæring i bruken av hjelpemidlet. Synskontakten kan også gi deg råd om tilrettelegging i boligen, arbeid/utdanning og fritid. 

Tenesta er gratis.