Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
11. juni:

Oppdatering: Kokevarsel for drikkevatn gjeld framleis

Det er påvist bakteriar (intestinale enterokokkar) ved ein rutineprøve av drikkevatnet i delar av So... Les mer

Tenester i heimen

Du kan få hjelp hjå kommunen dersom du har behov for omsorgstenester i heimen. Desse tenestene kan vere stell, tilsyn og praktisk hjelp, men også hjelp til daglege gjeremål. Tenesta skal legge til rette for at tenestemottakar skal kunne bu heime så lenge som mogeleg.

Heimetenesta omfattar mellom anna heimehjelp, heimesjukepleie, matombringing, omsorgsstønad og tryggleiksalarm. I Sogndal er den heimebaserte pleie- og omsorgstenesta delt i tre soner etter geografi og tal innbyggjarar.