Produksjons- og avløysartilskot

Kven kan søke om produksjons- og avløysartilskot? 

Føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søke om produksjons- og avløyartilskot, t.d. arealtilskot, tilskot til husdyr, tilskot til frukt, bær og grønnsakar m.m, Føremålet er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk. 

Føretaket må vera registrert i einingsregisteret i Brønnøysund innan søknadsfristen og drive vanleg jordbruksproduksjon på ein eller fleire eigedommar. 

Manglande eller mangelfull gjødslingsplan og/eller sprøytejournal kan føre til avkorting av produksjonstilskotet. 

Slik søkjer du 

Søknadsfristar, teljedato og utbetalingsdato 

Søknad om produksjons- og avløysartilskot har to søknadsfristar i året: 

  • 15. mars ( med teljedato 1. mars) gjeld kun for føretak med husdyrproduksjon 
  • 15. oktober (med teljedato 1. oktober) alle føretak som søkjer produksjonstilskot 

Tilskota vil bli utbetalte i februar året etter at du har søkt. 

Har du spørsmål? 

Kontakperson

Olav Øyrehagen 

RMP - Regionalt miljøprogram

Regionalt miljøprogram skal stimulere til å ta vare på og utvikle kulturlandskapet. Tilskota i mjiløprogrammet er til liks med produksjonstilskotet ei årleg driftstøtte, til føretak i drift som oppfyller satningane og prioriteringane satt av Statsforvaltaren i Vestland med tilhøyrande forskrift. For å kunne søkje RMP må føretaket ditt og kunne søkje om produksjonstilskot. 

Søknadsfrist 

15.oktober 

Silk søker du 

 Har du spørsmål? 

Kontakperson

Olav Øyrehagen 

SMIL - Spesielle miljøtiltak i jordbruket

Kven kan søke SMIL- midlar? 

  • Føretak som oppfyller vilkår i forskrift om produksjons- og avløysartilskot.
  • Eigar av landbrukseigedom som kan søke, dersom det er ein produksjon på landbrukseigedommen som oppfyller vilkåra i forskrift om produksjons- og avløysartilskot.  

Søknaden skal som eit miniumin innehalde 

  • Omtale av tiltaket
  • Framdriftsplan
  • Kostnadsoverslag 
  • Finansieringsplan
  • Kart over driftseininga der det aktuelle tiltaket, kulturminne, erosjonsutsatte areal og område med viktige miljøkvalitetar er avmerkt. 
  • Fotografi og/eller tekningar 
  • Løyve frå grunneigar dersom tiltaket skjer på leigd landbruksareal. 
  • Gjødslingsplan og sprøytejournal om plantevern vert nytta  

Slik søkjer du

Søknadsfrist 

  1. april 

Tiltaksstrategien legg føringar for kva SMIL-midlane skal gå til 

Føremålet med SMIL-midlane er å fremme natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet, og redusera ureining frå jordbruket utanom det ein kan forvente gjennom vanleg jordbruksdrift.  

Har du spørsmål? 

Kontaktperson 

Olav Øyrehagen 

Tilskot til drenering av jordbruksjord

Tilskot til drenering har som føremål å betre kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksareal for å auke produktiviteten, samt å redusera risiko for erosjon og overflateavrenning til vassdrag. Føretak som leiger tidligare grøfta jorddbruksareal eller eigar av tidligare grøfta jordbruksareal kan søke. 

Søknadsfrist 

Du kan søke heile året. 

Slik søker du 

Har du spørsmål? 

Olav Øyrehagen 

Tilskot til tiltak i beiteområde

Kven kan søke om tilskot til tiltak i beiteområde? 

Lag, foreiningar og føretak som driv næringsmessig beitedrift kan få støtte til investeringstiltak og/eller planleggings- og tilretteleggingsprosjekter i beiteområde. Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best mogleg utnytting av utmarksbeite, fremje fellestiltak i beiteområda og redusere tap av dyr på utmarksbeite. 

Søknadsfrist 

15. april 

Slik søker du 

Beitelag sender søknad til kommunen. Søknadsskjema leverer du elektronisk gjennom Altinn 

Har du spørsmål? 

Kontaktperson

Olav Øyrehagen 

Organisert beitebruk

Tilskot til organisert beitebruk skal fungera stimulerande til samarbeidstiltak for å få ein effektiv beitebruk som bidreg til å halde kulturlandskapet ope. Driftstilskotet kan gjevast til drift av godkjent beitelag som arbeider for felles beitebruk i utmakr og redusert tap gjennom organisert tilsyn, sanking og andre fellestiltak. 

Søknadsfrist 

15. november 

Slik søker du 

Har du spørsmål? 

Kontaktperson  

Olav Øyrehagen 

Tilskot til avløysning ved sjukdom og fødsel med meir

Kven kan søke om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel med meir? 

Føretak som driv husdyrproduksjon, planteproduksjon på friland, produksjon i veksthus eller honningproduksjon, kan søke om tilskot til avløysing dersom jordbrukaren blir sjuk, skal ha eller har fått barn eller har sjukt barn. Privatpersonar som er etterlaten ektefelle, sambuar, foreldre eller barn til avdød jordbrukar kan søke om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet. 

Søkandsfrist 

Søkandsfristen er eit år etter siste dag i perioden du søker tilskot for. 

Slik søker du 

Har du spørsmål? 

Kontaktperson 

Olav Øyrehagen 

Erstatning ved avlingssvikt

Kven kan søkje om erstatning ved avlingssvikt? 

Jordbruksføretak som har hatt vesentleg avlingssvikt kan søkje om erstatning. Avlingssvikten må ha ei klimatisk årsak som det ikkje er mogleg å sikra seg mot. Erstatning føreset at det er godt dokumentert at det er ein klimatisk skade som er årsak til avlingssvikten. Føretaket må melde tidleg i frå til kommunen om mogleg avlingssvikt, slik at kommunen har høve til å kontrollere arealet på eit tidspunkt der klimaskaden kan påvisast. 

Slik søkjer du 

Søknadsfrist 

31. oktober, og denne fristen er absolutt. 

Har du spørsmål? 

Kontaktperson

Olav Øyrehagen 

Utvalde kulturlandskap (UKL) - Grinde og Engjasete

Grinde og Engjasete  

Grinde - Engjasete har ei svært interessant kulturhistorie med tradisjonelle driftsformar som enno vert praktisert på fleire av bruka. 

Dei typiske fjordgardane her har vore basert på alt frå fiske i fjorden til utmarkshausting i fjellet, men området er først og fremst prega av ein lang og ubroten tradisjon knytt til lauving. Her er hagemarker med bjørk eller ask, lauvenger med ask, alm, bjørk eller selje og haustingsskogar med alm eller ask. På trea finn ein interessante artssamfunn av sopp, lav og mose. Lauvsankinga går tilbake til yngre steinalder. Gravrøyser fortel om landbruksaktivitet sidan eldre bronsealder, og truleg fast busetnad kring 500 år f.Kr. Her er verdifulle bygningsmiljø frå 1800-talet.  Området er rikt på steingardar, bakkemurar, rydningsrøyser og gamle vegfár. Dei gamle kulturmarkene og kulturminna ligg i ein mosaikk med meir moderne produksjonsareal for frukt, eng og beite.  

Forvaltningsplan for Grinde – Engjasete 2009 – 2029 (PDF, 2MB)

Kven kan søkje på tilskot til utvalde kulturlandskap? 

Føretak som driv aktiv jordbruknæring i området Grinde og Engjasete i Leikanger. 

Søknadsfrist

  • 15. april - enkelttiltak 
  • 29. oktober - årleg skjøtsel 

Har du spørsmål? 

Ta kontakt med kommunen 

Kontaktpersonar 

Olav Øyrehagen 

BU-mildar - Innovasjon Norge

Midlar til investering og bedriftsutvikling i landbruket. Tilskot/lån til finansiering i samband med investering innan tradisjonlet landbruk, generasjonsskifte, kjøp av eigedom og tilleggsareal.