Trafikksikker kommune er ei godkjenningsordning for kommunane. Det er Trygg Trafikk som har ansvar for godkjenninga i nært samarbeid med fylkeskommunane. Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulukker, men er et kvalitetsstempel for godt, målbevisst og heilheitleg kommunalt arbeid med trafikktryggleik.

For å bli godkjend som ein trafikksikker kommune, er det nokre kriterium som kommunen må oppfylla: Kriterier og veileder - Trygg Trafikk

Kort fortalt er det dette kommunen skal levere på:

  • Trafikktryggingsplan
  • Rutinar for brøyting, strøing og vegetasjonsrydding
  • Rutinar for kjøp av transporttenester
  • Retningsliner for tenestereiser
  • Rutinar for å ivareta trafikktryggleiken i samband reguleringsplanar
  • Oversikt over helsestasjonen sitt trafikktryggingsarbeid
  • Omtale av kommuneoverlegen/fastlegane sin praksis om tap av førarrett
  • Kva kommunen kan gjere for å stimulere lag og organisasjonar til å innarbeide trafikktryggleik i sine aktivitetar
  • Skulane skal dokumentere
    • trafikktryggleik er innlemma i årsplan / eller eigen plan
    • skriftlege rutinar for turar til fots, med sykkel, bil eller buss.
    • Korleis foreldrene vert orientert om skulen sine rutinar for turar
  • For barnehagane gjeld det same som for skular

Når all dokumentasjon er på plass går Trygg Trafikk sentralt, som har godkjenningsansvaret gjennom dokumentasjonen frå kommunen og godkjenner.