Tryggleiksalarmen har ingen akuttfunksjon, og vil gi forenkla kontakt med helsepersonell. Kontakt 113 eller legevakt om det oppstår ein akutt situasjon/sjukdom.
Korleis fungerer tryggleiksalarmen?
- Alarmen er på storleik med eit lite lommeur, som du har rundt handleddet eller som smykke rundt halsen
- Når du trykkjer på knappen, blir du kopla direkte til alarmsentralen. Dei svarar deg og varslar heimesjukepleia dersom behov
- Heimesjukepleia kjem vanlegvis innan 30 minutt, men responstida kan variere etter køyretid og andre oppdrag
- Alarmen kan brukast når som helst på døgnet
- Det blir sett opp ein nøkkelboks utanfor inngangsdøra di slik at heimesjukepleia kan kome seg inn til deg når du har trykt på alarmen
- Telefonabonnement og SIM-kort er inkludert i tenesta
Du kan søkje om tryggleiksalarm dersom:
- du har helsesvikt eller funksjonsnedsetting som gjer at du kan få behov for hjelp utover faste avtalar med heimesjukepleia
- du bur aleine, eller er aleine store delar av dagen
- du er klar og orientert, men har vanskar med å bruke telefon
Du kan sende inn søknad om tryggleiksalarm til tildelingskontoret. Du kan søkje om tryggleiksalarm elektronisk eller på papir, sjå lenkjer under. Sakshandsamarar på tildelingskontoret tek i mot og vurderer søknaden din. Du vil få skrifteleg svar på søknaden, som forklarer kvifor du får, eller ikkje får tryggleiksalarm.
Søknadsskjema PDF: https://img5.custompublish.com/getfile.php/5371236.2665.kkb7wlwiinbzqq/S%C3%B8knadskjema%2BPLO%2BNy%2BKF%2B158-4640.pdf?return=www.sogndal.kommune.no
Søkje elektronisk https://skjema.kf.no/FormsEngine/?wizardId=6091&externalId=4640&languageCode=nn&auth=KFPORTEN