Me skal mellom anna jobba for å få til møteplassar for ungdom i alle bygdene i kommunen. Me vil at de som er unge, skal få vera med og bestemma korleis fritidstilbodet skal vera der de bur. Korleis de ungdommar har det, er viktig for oss i kommunen. Ungdomsarbeid er noko av det me skal satsa ekstra på, står det i kulturstrategien til Sogndal kommune.

Her finn du oss

Ungdomskoordinator Kari Hellevang har kontor på Kulturhuset i Sogndal. Det nye ungdomshuset i Sogndal ligg i kulturhuskjellaren.

Rådgjevar på oppvekst Jarle Teo Andersen har ansvar for å følgja opp MOT-arbeidet, SLT og ungdomsrådet.

Følg ungdomsavdelinga på Facebook, SnapChat eller Instagram: «ungdomsavdelingasogndal»

Ta kontakt med oss viss det er noko du lurer på eller viss du har gode idear til korleis det kan blir endå betre å vera ungdom i Sogndal kommune!

Utekontakten

Utekontakten jobbar førebyggande og oppsøkande med ungdom i alderen 13 til 24 år. Det er eit lågterskel tilbod som er tilgjengeleg også utanfor ordinær arbeidstid. 

Me jobbar oppsøkende ute på stader der ungdom oppheld seg, er tydleg merka med klede som gjer oss enkle å identifisere. 

Utekontakten er eit nyoppretta tilbod som er under utvikling i Sogndal kommune.