Plan og bygningsloven § 17-1 : «Med utbyggingsavtale menes en avtale mellom kommunen og grunneiere eller utbyggere om utbygging av et område, som har sitt grunnlag i kommunens planmyndighet etter denne loven, og som gjelder gjennomføring av kommuneplanens arealdel eller reguleringsplan».
Kva avtalen gjeld
Utbyggingsavtalen regulerer gjennomføring av detaljreguleringsplanen for Fossetunkvartalet (plan‑ID 1420‑2016012, datert 07.06.2018), og omfattar område BKB3.
Avtalen omhandlar mellom anna:
- at utbygginga skal skje i samsvar med gjeldande reguleringsplan
- overdraging av eigedom frå kommunen til utbyggjar
- etablering av offentlege parkeringsplassar / langtidsleige av p‑plassar
- at det ikkje er rekkjefølgjekrav knytt til dette byggetrinnet
- at kommunen ikkje skal opparbeide tiltak eller yte kontantbidrag
- kommunens rett til å tinglyse avtalen
- at ny utbyggingsavtale skal inngåast før vidare utbygging av områda BKB3 og BKB5
Dokument - Utbyggingsavtale
- Føresegner
- Plankart over bakkenivå
- Plankart under bakkenivå
- Signert avtale
Bindande etter politisk godkjenning
Avtalen blir ikkje bindande før han er endeleg godkjend av kommunestyret.
Partane har ingen rettar eller plikter etter avtalen før slik godkjenning ligg føre.
Høyringsperiode
Forslaget til utbyggingsavtale er lagt ut til offentleg ettersyn i 30 dagar.
Slik gir du innspel
Merknader og innspel kan sendast skriftleg til Sogndal kommune innan fristen den 16. januar 2026.
postmottak@sogndal.kommune.no
eller per post til: Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal