Årets gledesspreiar i Sogndal kommune 2021 er Helge Ness!
Me gratulerer så mykje til Helge Ness, lærar ved Leikanger ungdomsskule, som vinnar av MOT Sogndal sin gledesspreiar-pris 2021. Helge vart overraska med prisen til stor applaus framfor elevane i gymsalen på Leikanger ungdomsskule.
Målsettinga med prisen er å rette «lommelykta» på kvardagspersonane som spreier mykje glede og omsorg til alle rundt seg. Med totalt 9741 stemmer er det tydeleg at mange set stor pris på alle dei nominerte personane til denne utmerkinga. Me ynskjer òg å gratulere dei fire andre kandidatane Hilde Yrstad Vøllo, Rasmus Mo, Dina Teigen Fardal og Lise Sundberg med nominasjonen. Takk for at de er slik de er, og forsett med det!
Og til dykk som les dette, husk at det er den store MOT til å glede dagen i dag. Gje litt ekstra glede til nokon du ser treng det.
Sogndal sin gledesspreiar 2021 er ein pris som starta i 2020 for å heidra ildsjelar og gledesspreiarar i Sogndal kommune. MOT Sogndal ved dei unge MOTivatorane (som går i 9.klasse og10. klasse på Kaupanger, Kvåle og Leikanger ungdomsskule og på Sogndal vidaregåande skule) har stått for gjennomføringa av denne kåringa.
Kriteria for nominasjonen er basert på MOT sine verdiar: MOT til å seie nei, MOT til å leve og MOT til å bry seg. Kandidatane må vise «passion», vere rause, vise interesse, vere målbevisste, ungdommeleg, sjå moglegheiter og vere oppriktige.