Utstyr

Me har 1 til 1 dekning i Sogndalsskulen. 

  • På 1.-4. trinn nyttar elevane i hovudsak iPad som læringsbrett
  • På 5.-10. trinn nyttar elevane PC. 

Skulane nyttar òg anna teknologi i undervisinga. På undersida "Programmering i Sogndalsskulen" finn du til dømes oversikt over kva programmeringsutstyr skulane brukar. 

Særskilt om bruk av mobiltelefon og smartklokker

Kommunen rådar skulane til å følgje UDIR sine tilrådingar om bruk av mobilar og smartklokker på skulen:

  • Målsettinga med regulering på dette området er færre forstyrrelsar og eit styrka skulemiljø
  • På barne- og ungdomsskulen tilrår UDIR at skulane strengt regulerer bruk av private mobiltelefonar og smartklokker på grunn av barn si modning og evne til sjølvregulering. For å skapa eit trygt og godt skulemiljø er det ekstra behov for tydelege og forutsigbare reglar på dette området. 
  • Som hovudregel skal òg friminutta vere mobilfrie. 
  • Private mobiltelefonar og smartklokker er ikkje ein del av skulen sin læringsteknologi. Skulen skal ikkje pålegge elevar å bruke denne type utstyr i undervisinga
  • Ta omsyn til enkeltelevar som kan ha særskilt behov for å bruke utstyret knytt til helse, sosial samhandling eller tilpassa læring
  • Det er viktig at tilsette held seg til det som står i skulereglane. 

Lenke til UDIR sine tilrådingar.

Kva står i skulereglane?

I §10 i forskrift til skulereglar finns reglar for bruk av mobiltelefon og anna digitalt utstyr:

Det er tilrådd at telefonen vert oppbevart i mobilhotell/sekken i skuletida, og den kan kun takast i bruk om lærar gjev løyve til det i forbindelse med undervisinga.