Medlemmar
Leiar Rune Haug (Frp)
Nestleiar Margrethe Haug (Krf)
Keyty Planeta (Ap)
Erlend Fardal Lunde (Ap)
Knut Henning Grepstad (Ap)
Laila Elisabeth Wigum (H)
May Kristel Bødal (Sp)
Arne Monrad Johnsen (Sp)
Inga Henjum Halsnes (SV)
Mari Husabø (SV)
Bjørn Christian Weinbach (R)
Kontaktinformasjon til politikarane finn du i oversikta over medlemmar i kommunestyret
Varamedlemmar
Arbeidarpartiet og Kristeleg Folkeparti:
1. Siv Laila Eriksen (Ap)
2. Jarle Andersen (Ap)
3. Odd-Arne Tveito (Ap)
4. Geir Volle (Ap)
5. Marta Fimreite (Krf)
6. Jon Erik Holme (Ap)
Høgre:
1. Målfrid Aspeseter
2. Thomas Dalsøren
3. Tobias Dahle
Framstegspartiet:
1. Bjarte Lund
2. Sissel Skarsbø
SV - Sosialistisk venstreparti:
1. Ole Marius Folkestad
2. Ingrid Bjørkum
3. Yvonne Nshimirimana
4. Andreas Liheim
Senterpartiet:
1. Catrine Elvagjeng
2. Olaug Marie Bjelde
3. Sindre Ramung
4. Gunnar Supphellen
Venstre/Miljøpartiet Dei Grøne/Raudt:
1. Magnhild Sægrov (V)
2. Trine Nylehn (R)
3. Calum M. Macintyre (MDG)
Arbeidsområde
Utvalet har ansvar for saker knytte til følgjande fagområde:
- skule
- barnehage
- vaksenopplæring
- PP-teneste
- ungdomsarbeid/ungdomsråd
- barnevern
- helsestasjon/skulehelseteneste
- psykisk helsevern
- fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv
- kultur, bibliotek, kulturskule, frivillig arbeid
- kulturminne
- flyktningpolitikk, asylpolitikk og integrering/innvandrarråd
- rusmiddelvern, ruspolitikk, skjenkeløyve
- sosiale tenester
- pleie- og omsorg
- temaplanar innanfor feltet
- andre saker som naturleg høyrer inn under oppvekst, helse- og omsorgssektoren
Mynde
Utvalet har avgjerdsmynde i saker innanfor sine ansvarsområde, med unnatak av dei sakene som kommunestyret sjølv avgjer etter lova, eller har vedteke at det sjølv skal avgjere.
Utvalet har avgjerdsmynde innanfor sine ansvarsområde i ikkje-prinsipielle saker innanfor rammene av vedteke budsjett.
Utvalet er referansegruppe og har medansvar for sektorplanar for området. Utvalet arbeider med desse i perioden fram til saka skal leggjast fram for kommunestyret. I prosessar der det er føremålstenleg, legg rådmannen fram arbeidsdokument for utvalet. Utvalet kan då kome med innspel som kan justere retninga på prosessen. Rådmannen tek med seg innspela i det vidare arbeidet.
Utvalet er støtte for politisk leiarskap når det gjeld viktige område for kommunen, og skal vere høyringsinstans og førebu høyringar.
I saker som utvalet ikkje sjølve kan avgjere, skal det innstille til kommunestyret. Om sakene har økonomiske konsekvensar, skal det innstille til formannskapet.