Når blir systemet brukt?

Varslingssystemet vil bli brukt av kommunen for å nå innbyggjarane digitalt med meldingar. Det kan vera ved stenging av vatn, stengde vegar, evakuering, generelle servicemeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon. 

Korleis finn me deg?

Det vert nytta fire ulike register for å nå ut med informasjon til deg:

1) Privatpersonar:

Kontaktinformasjon vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. I dette nasjonale kontaktregisteret bør du legga inn både mobiltelefon og e-postadresse. Mange offentlege instansar vil henta kontaktinformasjonen her, t.d. i samband med skattemeldinga. 

Oppdatering kan du gjera her på norge.no.

2) Bedrifter:

Ved varsling vert bedrifter som høyrer til adresser som er oppførte i einingsregisteret, kontakta. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Digitaliseringsdirektoratet/ (Altinn). Bedrifter med fleire adresser bør registrera desse som undereining hos Brønnøysundregistera.

3) Tilleggsregister:

Tilleggsregisteret kan du nytta om du ønskjer å få varsling for ei bedrift eller for ei adresse du ikkje er registrert med bustadadresse på. Sjå varslemeg.no.

4) Fritidseigedommar:

Varsling 24 varslar fritidseigedommar med matrikkelkodane 16 og 17 

161 - Fritidsbygning (hytter, sommarhus o.l.) 
162 - Heilårsbustad nytta som fritidsbustad 
163 - Våningshus nytta som fritidsbustad 
171 - Seterhus, sel, rorbu o.l. 
172 - Skogs- og utmarkskoie, gamme 

Det er eigarane av desse eigedomane som blir varsla. Er eigedomen festa, er det festar som blir varsla. Kontaktinformasjonen finn me som skildra under punkta privatpersonar/bedrifter. 

Har du ikkje fått varsel? 

1) Er du folkeregistrert på adressa di?  

2) Har du oppdatert den elektroniske kontaktinformasjonen på norge.no

Kva kan du gjera?

Oppdater opplysningane dine og meld alltid flytting til Folkeregisteret. 

Bur du på ein annan stad enn der du er folkeregistrert, kan du registrera telefonnummeret ditt på adressa di i Tilleggsregisteret. Hugs å endra om du flyttar. Tilleggsregisteret er konfidensielt og vert berre nytta av kommunen. 

Registrer telefonnummeret ditt i tilleggsregisteret til kommunen på varslemeg.no.

Vel Tilleggsoppføring – Legg til telefonnummeret ditt (vel Privat)

Sårbare verksemder 

Tilleggsregisteret knyter kontaktpersonar til verksemder med telefonnummer. Kontaktpersonen vil få varsel på SMS dersom kommunen sender ut SMS. 

Sårbare verksemder er verksemder som er avhengige av vatn for å driva verksemda si. 

Døme: 

  • Sjukehus og medisinske senter 
  • Alders- og sjukeheim 
  • Lege og tannlegar 
  • Barnehagar og skular 
  • Næringsmiddelprodusentar 
  • Restaurantar og kafear 

Registrer verksemda di i Tilleggsregisteret.

Vel Tilleggsoppføring – Legg til ditt telefonnummer (vel Bedrift) 

Korleis verkar varslinga?

Meldinga blir send som tekstmelding (SMS) til mobiltelefon, e-post og ei automatisert talemelding til fasttelefon. Tekstmeldinga vert lesen inn som «tekst til tale». På slutten av meldinga kan du tasta 1 for å stadfeste at du har oppfatta meldinga, eller 9 om du ynskjer å høyra meldinga ein gong til. 

Er mobilnummeret mitt registrert?

Me sender varsling til alle som er folkeregistrerte på ei aktuell adresse i Folkeregisteret og hentar dine kontaktopplysningar frå Digdir sitt kontaktregisteret til Digitaliseringsdirektoratet (DIgdir). Så lenge du har registrert kontaktopplysningan dine i Digdir sitt kontaktregister/Altinn, vil du få varsel.

Oppføringa di kan du sjekka ved å logga deg inn her: https://www.norge.no/nb/oppdater-kontaktinformasjon 

Eg har hemmeleg nummer. Blir eg varsla?

Varsling 24 varslar ikkje hemmelege nummer. Om du likevel ynskjer å få varsel frå kommunen, kan du legga inn ei tilleggsoppføring på https://varslemeg.no/ Hugs å kryssa av på «hemmeleg nummer».

Korleis får eg varsel for andre adresser enn bustadadressa mi?

På varslemeg.no kan du legga inn tilleggsadresser som du ynskjer varsel for. Dette kan gjelda barn i studentbustad,  foreldra dine sin bustad eller ein fritidseigedom. Slik gjer du: 

  • Under ”Tilleggsoppføring” klikk ”Legg til ditt telefonnummer”. 
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”. 
  • Du får ein kode på SMS, som du brukar for å logga deg inn.

Her kan du legga til andre adresser du vil bli varsla for. Namn = den som bur på adressa du registrerer. 

Viss du ynskjer varsling for bustad i ein anna kommune enn den du bur i, ta kontakt med den aktuelle kommunen for å høyra om dei brukar Varsling 24. 

Eg bur i burettslag/blokk/sameige. Blir alle på adressa mi varsla?

Alle einingar i eit burettslag eller sameige blir varsla om dei er registrerte i «kontaktregister for offentleg forvaltning». 

Korleis kan eg sjå kva adresse eg får varsel for?

På varslemeg.no kan du sjekke alle varslingsadresser som er oppførte på mobilnummeret ditt, utover den bustadadressa som du er registret med i «kontaktregister for offentlig forvalting». 

Gjer fylgjande: 

  • Under Tilleggsoppføring klikkar du ”Legg til ditt telefonnummer”. 
  • Skriv inn mobilnummeret ditt og klikk ”send”. 
  • Du mottek ein kode på SMS, som du brukar for logga deg inn. Her ser du lista over adresser registrerte på mobilnummeret ditt. 
  • Her kan du også sletta adresser eller legga til fleire.