Visma føresettportalen
Føresette brukar føresettportalen til:
- Søke om permisjon frå undervisinga, skuleskyss eller redusert foreldrebetaling
- Søke, seie opp eller endre SFO-plass
- Følgje med på fråvær, merknadar, digitale spørjeskjema og dokument, samtykke, vurderingar og karakterar.
- Sende/lese meldingar
- Sjå kva faggrupper og faglærarar eleven har.
- Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar/skulen
- Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev og føresette er rett
Innloggingslenkje til føresettportalen
Her er lenkje til temahefte med informasjon om korleis du brukar føresettportalen.
Appen Min Skule - Føresette
Den daglege kontakten mellom skule og heim går via appen Visma Min skole.
Føresette brukar appen til:
- Melde frå til skulen om fråvær (ikkje permisjonar).
- Dagleg kontakt med skulen: sende og motta meldingar til/frå kontaktlærar, skuleleiing eller andre tilsette på skulen til barnet ditt. Appen opnar og for å sende/motta gruppemeldingar.
- Sjå når eleven er tilstades på skulen/SFO
- Sjå og svare på samtykke
- Sjå og svare på vurderingar
- Sjå og svare på digitale spørjeskjema og dokument
Appen finns både på Google Play og i App Store.
Her er lenkje til temahefte med informasjon om korleis du brukar appen.