Arve Beheim Karlsen vart over tid utsett for mobbing, vald og rasisme. Seint fredag kveld 23. april 1999 vart Arve jaga av to jamaldringar som ropa rasistisk motiverte drapstruslar etter han. Tidleg om morgonen måndag 26. april vart Arve funnen død i Sogndalselvi. 

Søndag ettermiddag vart det avduka eit minnesmerke for Arve Beheim Karlsen ved Sogndalselvi. Mellom dei som deltok på markeringa, var kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

- Dette er eit minnesmerke me treng. Me skal aldri godta det som hende. Me må læra av det. Og som samfunn må me endra oss. Kampen mot diskriminering og rasisme er ikkje vunne, sjølv ikkje 25 år etterpå. Det er ein kamp me framleis kjempar i skulen, på arbeidsplassen, i nærmiljøet, på fritidsarenaar, på nettet og i sosiale medium. Innsats mot urett, mot rasisme og diskriminering er eit arbeid me aldri må gje opp, sa Jaffery.

Ho fortalde at ho hugsar det som hende godt, og at ho tenkte "Det kunne vore meg".  

- Me må fortsetja å kjempa. For Arve. Og for alle andre som får oppleva rasismens vonde og destruktive vesen. Me skapar endringa saman. No når me står her, ved minnesmerket, vil eg at me skal lova oss sjølv og kvarandre at me ikkje skal la nokon falla utanfor. At me lovar kvarandre at alle er ein del av fellesskapet, var oppmodinga henner til dei kring tusen frammøtte.

Det var også appellar frå familien til Arve, ved mor Kari Beheim Karlsen, leiar i ungdomsrådet, Emma Steinsland Hamre, russepresident ved Sogndal vidaregåande skule, Martin Sva Wergeland, Gunnar Yttri, rektor på Høgskulen på Vestlandet, og lokalpolitikar Laila Wigum, på vegner av Sogndal kommunestyre. Ordførar Stig Ove Ølmheim ønskte velkommen og avrunda markeringa med å takka dei som har vore involverte i arbeidet med minnesmerket og i programmet for markeringa. Han takka også dei mange frammøtte.

Kari Malmanger og Inge Ronny Kvåle bidrog med musikkinnslag under markeringa:

Minnesmerket består av ein skulptur laga av kunstnaren Tobbe Malm og eit dikt skrive av forfattaren Brynjulf Jung Tjønn. Skulpturen er inspirert av vardane me møter til fjells. Vardane gjer oss merksame på kor me skal gå og blir særleg viktige når det kan vera vanskeleg å finna retninga. Nokre gonger legg me ein stein til på varden. Og for kvar stein me legg til, blir vegen og bodskapen tydlegare. Skulpturen ber ein stein som kunstnaren og mor til Arve, Kari Beheim Karlsen, har henta frå Sogndalselvi.  

Forfattar Brynjulf Jung Tjønn deltok på markeringa og las dikt frå boka si "Kvit, norsk mann" og diktet han har skrive til minnesmerket:

 

ingen skal springe

aleine i mørkeret

ingen skal flykte

ut i ei elv, ein fjord

 

vi skal reise oss

opp frå botnen av elva

opp frå grumset i fjorden

 

opp til trea

opp til fjella

opp til snøtoppane

 

opp til lyset

 

neste gong nokon spring

aleine i mørkeret

finn ei hand

og spring saman med dei