I samband med arbeidet var det varsla at avkøyrsla frå riksvegen inn til Askedalen ville vera periodevis stengd i tidsrommet frå måndag 13. desember til fredag 17. desember.
No er asfalteringa utsett til over helga, og difor vil avkøyrsla vera periodevis stengd fram til tysdag 21. desember.
Omkøyring til eigedommane frå Njøsavegen gjennom Stoppelshaugvegen er skilta.
Me beklagar ulempene arbeidet fører med seg for innbyggarane.