Dei som bur langs vegen vil no måtte leve med anleggsarbeid i lengre tid. Med oppstart no i mars er anlegget planlagt ferdig sommaren 2021. Arbeidet vil starte opp med dei to pumpestasjonane i Gamleheimsfjøra og utom Villa Lorna, sjøleidningar og tilhøyrande veganlegg. I neste fase vil grøft langs heile Villavegen inn til renseanlegget ved Gamle Sagatun bli etablert.

Vegen vert stengt for gjennomkøyring i heile perioden. Vegen vert stengt på forskjellige punkt til forskjellige tider. Det vert skilta i endane av vegen kor vegen er stengt. Vi vil ta kontakt med kvar grunneigar som vert direkte råka av gravearbeidet i vegen.
 
Det er krav om at alle eigedomar må knytte seg til dette nye avløpsanlegget. Det er grunneigar sitt ansvar, og kostnad, å kople seg på det kommunale avløpet, men her kan grunneigarar som tidlegare informert om samordne seg med kommunen sin entreprenør for å få dette gjort. Vi vil ta kontakt med kvar grunneigar for å avtale gjennomføring av påkoplinga.

Byggjeleiar er Åge Skrede; tlf. 900 74 334/e-post: age.skrede@sogndal.kommune.no
Om det er situasjonar knytt til vassforsyning, kan også Einar Hanekam kontaktast på tlf. 950 95 618. 
Om det ikkje hastar, er det best om de sender e-post til postmottak@sogndal.kommune.no