Arbeidsgruppe for arbeidsrettslege spørsmål

Gruppa består av:
Helle Selseng – juridisk rådgjevar
Dagrun Røysum – konst. personalsjef
Alf Høyrem – rådgjevar personal
May Sirikit Bakke (Delta) – representant for hovudstillitsvalt
 
Spørsmål som dukkar opp kan sendast på e-post til:
helle.selseng@sogndal.kommune.no 
eller kan rettast på telefon til Helle: 481 00 471
 
Me gjer merksam på at det kan vere behov for drøfting av enkelte problemstillingar på grunn av den ekstraordinære situasjonen me står i, samt for å sikre at svara me gir er oppdaterte med siste nytt og vedtak frå regjeringa. I tillegg kjem det stadig nye føringar og retningslinjer som vil gjere at me må oppdatere informasjon kontinuerleg.
 
Det oppmodast om at den einskilde som blir råka av nokon av punkta som er omtala i skrivet eller andre ting som følgje av situasjonen, tek kontakt for drøfting og dialog med sin næraste leiar for å prøve å finne ei løysing. Dette gjeld til dømes ved endring av ferie, bruk av heimekontor, omsorgsdagar osv.
Det er og viktig at tenesteleiar/avdelingsleiar har god og kontinuerleg dialog med sine tilsette som ikkje er fysisk på jobb, enten på grunn av karantene, isolasjon, sjukmelding av andre årsaker eller på grunn av heimekontor, stengde utdanningstilbod osv.
 
 

Generell informasjon om rettar og plikter

I ein krevjande og vanskeleg situasjon som ingen av oss har erfaring frå må me stå saman om eit felles løft for å løyse oppgåvene våre. Det er viktig med fleksibilitet slik at kompetanse og ressursar blir brukt på best mogleg måte.
Det er i denne situasjonen særs viktig at me er opne og har dialog i samband med endra behov for arbeidskraft som måtte oppstå. Dette kan og gjelde behov for endring av dei tilsette si arbeidstid. 
Det blir understreka at ekstraordinære hendingar ikkje set hovudtariffavtalen sine reglar om betaling til side. Det er grunn til å tru at ein langt på veg vil vere i stand til å finne tilfredsstillande løysingar innanfor gjeldande arbeidsplanar. 
 
Oppdatering rundt arbeidstid 
Partane sentralt har med heimel i arbeidsmiljølova § 10-12 (4) inngått ein avtale om unntak frå reglane om arbeidstid i arbeidsmiljølova kap. 10. Avtalen føreset at behovet er grunna i den ekstraordinære situasjonen som er oppstått som følgje av den pågåande koronaepidemien.
 
Avtalen sin verknad for arbeidsgivar og tilsette i Sogndal kommune er at det gir moglegheit til å endre arbeidstid og utvide rammene for overtidsarbeid. 
Dersom ein skal ta i bruk den sentrale avtalen etter arbeidsmiljølova § 10-12 (4) på ei eining krev dette drøfting.
 

Foreldrebetaling barnehage og SFO

Ingen skal betala for barnehage eller SFO i den perioden skular, barnehagar og SFO er stengde grunna koronaviruset. Det betyr at sjølv om du har brukt tilbodet i perioden, vil du sleppa å betala. Faktura for mars er send ut og skal betalast. Fråtrekk for stengde dagar vil skje på neste faktura. Ny faktura kjem når barnehage og SFO opnar igjen.
 
Ta vare på kvarandre og hjelp kvarandre!